Bildeserie frå Frekhaug: Obligatorisk «kveldsskule» med tema doping og rusmiddel

30. mars 2019, kl. 18:00

Torsdag 28. mars var det obligatorisk kveldsskule for alle elevane på Meland ungdomsskule. Årets tema handla om korleis ein førebygger bruk av dop og rusmiddel. Foreldre vart oppmoda til å komme. Dei vaksne fekk saman med ungdommane, høyre to innlegg kvar. Det eine vart heldt av politiet som snakka om rusmidla og andre kriminelle handlingar gjort av ungdommar på Meland. Det andre føredraget vart heldt av Tor Helge Vikøren Myhre frå Antidoping Norge som fortalde om dop.