Det seier dagleg leiar i Frivilligsentralen, Nina Randal.
– Det kjem til å gå tre no på fredag. Veka etter haustferien skal vi ha eit ope møte der alle som har lyst kan komma. Då kjem det også representantar for politiet, Frivilligsentralen, og Nordhordland Røde Kors. Der kan folk også melda seg, fortel Randal.
Bakgrunnen for nattevandringa er ønske frå politi og foreldre om å ha trygge vaksne som er i sentrum på helgane.

Politiet etter grov valdshending på Frekhaug: – Nordhordland er ein trygg plass å bu
– Vi vil alle at barn og ungdom i Meland skal veksa opp i eit trygt og godt miljø. Foreldre, politi og andre som jobbar tett på ungdomsmiljøet har tatt til orde for at det bør vera nattevandrarar til stades i Frekhaug området i helgene: trygge ansvarlege vaksne som er til stades på kveld der ungdom ferdast og oppheld seg bidreg til eit betre miljø for alle, seier Randal.
– Vi prøver no å få det til fredagane, då er det ungdomsklubb frå 18.00 til 22.30. Vi legg opp til nattevandring kvar fredag fram mot jul, så får vi evaluera når vi har fått litt erfaring.

Heile fylkestinget ønsker meir båt mellom Knarvik og Bergen
Randal håpar mange fleire vil melda seg.
– Jo fleire som melder seg jo betre, då treng kvar enkelt berre å gå ein til to gonger i halvåret, seier ho.
Vandringa er i tidsrommet 20.00 til midnatt.
– Det skal alltid vera minst tre som går saman. Alle nattevandrarar må ha ein samtale med frivilligsentralen eller ungdomskonsulenten og signere ei taushetserklæring før dei kan gå, forklarar Randal.
