Motitech fekk bergensk etablerarpris

Jon ingar Kjenes fekk overrekt prisen førre veke.

Jon ingar Kjenes fekk overrekt prisen førre veke. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Dette er ei stor anerkjenning for oss, veldig kjekt.

DEL

Det seier dagleg leiar i Melandsfirmaet Motitech, Jon Ingar Kjenes. Torsdag kveld fekk dei overrekt Bergen kommunes etablerarpris for 2016 av næringsbyråd Julie Andersland. Prisen er på 75.000 kroner.

– Dette var veldig gøy. Vi fekk ein veldig fin omtale. Først og fremst er det gøy at vi fekk Bergen kommune sin etablerarpris. Heile konseptet vårt stammer opphavleg frå Bergen, fortel Kjenes.

LES OGSÅ: Motitech-gründer fekk kongeleg oppmuntring

Snart i 70 land

Verksemda har sidan starten i 2013 fått kundar i heile Norden, og i vinter lanserer dei sitt konsept både i Tyskland og Canada. Går alt etter planen, vil produktet vera tilgjengeleg i 70 land i løpet av 2017.

Sykkel-VM

– Dette er ei stor anerkjenning for oss. Vi var ikkje førebudd på at vi skulle få denne prisen. Når meldinga kom hadde vi ikkje tenkt tanken ein gong at vi kunne vera aktuell, seier Kjenes.

LES OGSÅ: Meland-firmaet Motitech satsar stort i Norden, vil vidare ut i Europa

På telefon fredag kan han også fortelja at dei har spanande planar for neste år i samband med sykkel-VM som skal arrangerast i Bergen.

– Vi har akkurat vore i møte med arrangørane av sykkel-VM i Bergen, og no er det klart at vi blir ein formell partnar i folkehelseprogrammet deira, med sykkel-VM for eldre, seier Kjenes.

Artikkeltags