Siste tur med snutebussen for Kjell (snart 75) - har køyrt buss i 35 år

For Kjell Sagstad var siste tur med snutebussen i kystsogehelga på Holmeknappen heilt spesiell. Mannen som i mange år har køyrt folk til og frå kaien i standsmessig stil, har parkert bussen for siste gong på grunn av aldersgrensa. Kystsoge-arrangøren gjorde krus på veteransjåføren for innsatsen han har gjort.