Dømt for trygde-svindel: Lurte til seg 200.000 kroner

DØMT: Ein mann frå Meland må sona 90 dagar i fengsel for trygdesvindel. ARKIVFOTO

DØMT: Ein mann frå Meland må sona 90 dagar i fengsel for trygdesvindel. ARKIVFOTO

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Ein mann frå Meland prøvde å lura til seg fleire hundre tusen kroner frå NAV.

DEL

No er mannen i 50-åra dømt til fengsel i 90 dagar.

Det kjem fram i ein dom i Nordhordland tingrett.

Svindla i lang tid

Mannen byrja NAV-svindelen i mars 2011 og heldt det gåande i tre månader, før han byrja på igjen to år seinare.

Då var han aktiv i litt over fire månader.

I den tida leverte han inn elektroniske meldekort via NAV.no, der han sa han ikkje hadde jobba meir enn 61 timar, til trass for at han i den aktuelle perioden hadde jobba 1237,5 timar.

Det førte til at han fekk utbetalt 198.000 kroner i dagpengar som han ikkje hadde rett på å få.

Saka vart avslørt av NAV kontroll Vest og i august 2014 vart han meldt til politiet for svindelen.

Retten: – Grovt

Nordhordland tingrett kallar svindelforsøket for grovt, og seier det er straffeskjerpande både storleiken på summen han lurte til seg og tida bedrageriet har gått føre seg.

I Nordhordland tingrett la mannen frå Meland seg flat og innrømte alt, det vert frå retten si side sett på som formildande. Hadde han ikkje lagt seg flat, hadde han vore nøydd til å sona 120 dagar i fengsel, i staden må han altså sona 90 dagar. Det er elles ti dagar mindre enn kva påtalemakta ville dømma mannen til.

Slepp å betala alt

Sidan deler av svindelen ligg langt tilbake i tid, er deler av det totale kravet på 198.398 kroner forelda. Difor slepp mannen i 50-åra unna med å betala 72.350 kroner i erstatning til NAV kjem det fram i domspapira frå retten.

Artikkeltags