Varslar om SMS-svindel i Meland

Artikkelen er over 2 år gammel

Folk i Meland har fått falske purringar som utgir seg for å vere frå Meland kommune.

DEL

Meland kommune la fredag ut eit varsel om svindel på sine heimesider.

«Om du har motteke ei betalingsoppfordring/purring per SMS frå Altinn/Meland kommune, rår me til at du ser bort frå meldinga og ikkje klikkar på/opnar eventuelle linkar. Meldinga kan også visa til gards- og bruksnr., samt betalingsinformasjon.», opplyser kommunen.

– Purringar frå Meland kommune vil ikkje koma via andre medier enn brevpost, presiserer kommunen.

Artikkeltags