Gå til sidens hovedinnhold

Nyeordføraren i Meland: – Eg kjem til å sakna jobben som rektor

Fylkeskommunal rektorjakt:

Artikkelen er over 5 år gammel

– Men eg ser og fram til å vera ordførar.

LIK AVISA NORDHORDLAND PÅ FACEBOOK

Det seier ordførar i Meland, Øyvind Oddekalv. Som folkevald har han no fire år permisjon frå stillinga si som rektor ved Knarvik vidaregåande skule.

– Det er sjølvsagt ei av utfordringane med å bli ordførar at eg ikkje får vera rektor lenger. Men eg er svært glad for å vera ordførar, og ser fram til det, seier han.

– Det er ei ganske unik problemstilling, å få velga mellom to goder, seier den nyvalde ordføraren.

Assisterande rektor Svein Ellingsen styrer skuta fram til ny rektor er tilsett.

LES OGSÅ: Aase stemte på Høgre, heiar på Ap: – Det er berre sunt med eit skifte

Vidareutvikling

– Eg reknar med dei får tak i ein god rektor som kan utvikla skulen vidare, det er mange gode folk der ute, seier Oddekalv.

Søndag vart stillinga som ny rektor lyst ut. Den vert utlyst som 100 prosent fast stilling, trass i at Oddekalv har permisjon frå stillinga. Forklaringa på dette får vi frå regionleiar Hillevi Elizabeth Runshaug i Hordaland fylkeskommune.

– Reint juridisk er ein rektor eller lærar hjå oss tilsett i fylkeskommunen, og får permisjon derfrå, ikkje frå arbeidsstaden sin, fortel Runshaug. Difor står det altså ein stilling og ventar på dei som har fullført sine pliktar som folkevald, men ikkje nødvendigvis på same arbeidsstad som før perisjonen.

LES OGSÅ: – Er likevel ikkje eigna

– Gode prosedyrar

– Dette har vi gode prosedyrar for, også ved ein eventuell forlenging av ververt som folkevald. Vi er oppteken av å ivareta alle våre medarbeidarar, seier Runshaug.

Det er enno for tidleg i utlysingsprosessen til å seia noko om interessa for rektorstillinga.

– Eg håpar og trur det vil komme gode søkarar. Knarvik vidaregåande skule er ein attraktiv og god skule, seier Runshaug.

Kommentarer til denne saken