Meland-utbygging sprenger skulane

Artikkelen er over 13 år gammel

Meland-skulane kan få ein auke i elevtalet på over 250 elevar i løpet av dei næraste åra. Det medfører ei betydeleg skuleutbygging, først og fremst i Frekhaug-området.

DEL

På eit planseminar nyleg la fagsjef Stein Flataker fram prognosar for ein elevvekst på over 250 dei næraste åra. Flataker baserer seg på den store utbyggingstakten og folketilveksten gjer at kommunen må rekna med å få tusen nye innbyggarar. Prognosane inneber at elevtalet i Meland-skulane om få år vil passera 1300.

Dersom det blir gitt grønt lys for dei fleste utbyggingsprosjekta som no er på beddinga i Meland, vil folkeveksten kunne stiga endå meir enn prognosane Flataker har lagt fram.

– Får alle prosjekta grønt lys vil elevtalet heilt klart veksa raskare enn det vi har lagt opp til, men omfanget vil vera avhengig av kor raskt utbygginga skjer, seier Stein Flataker.

Størst utbyggingspress vil det bli i Frekhaug-området, noko som vil kreva utbygging både på Meland ungdomsskule og Sagstad skule, konstaterer fagsjefen.

Basseng blir skule

I første omgang ser Flataker for seg ei utbygging i basseng-delen av Sagstad skule. – Det kan virka som den mest fornuftige løysinga vil vera å riva denne delen av skulen og byggja nytt og større, seier han. Det vil vera behov for minst seks nye klasserom og seks grupperom. Det skal også vurderast om gymsalen skal ombyggast til vanleg undervisningsformål.

På Meland ungdomsskule vil det vera behov for tre nye klasserom og tre grupperom. Det er også aktuelt å byggja ny gymsal, eller ta i bruk Meland Aktiv eller folkehøgskulen sine fascilitetar.

Ny skule på Flatøy?

Dersom Midtmarka på Flatøy skulle bli bygt ut med inntil 400-700 bueiningar vil spørsmålet om ny skule verta svært aktuelt.

– Ved ei utbygging etter det mest omfattande alternativet vil ny skule vera einaste løysinga. Skuletomten gjer det svært lite aktuelt med ei utviding av eksisterande bygg. Ved ei noko mindre utbygging kan det vera aktuelt å senda 5.-7. klassesteget til Sagstad, under føresetning av at denne skulen har kapasitet nok, seier Flataker. I notatet til planseminaret vert det også skissert ei løysing med nedlegging av Flatøy og overflytting av elevane til Sagstad.

Vestbygd-paviljong?

For å løysa framtidige plassproblem på Rossland skule ser fagsjefen det som eit alternativ å flytta ungdomsskule-elevar frå Vestbygd-krinsen til Meland ungdomsskule. Rossland vil uansett stå framfor ei rehabilitering av den gamle skulebygningen.

Flataker trur ikkje utbygginga i Holme-området vil bli så omfattande at det vil kreva nybygg på Vestbygd skule.

– Dersom elevtalet likevel skulle bli større enn skulen har kapasitet til, vil denne situasjonen i så fall vera kortvarig. Difor kan det vera fornuftig å setja opp eit paviljongbygg som kan flyttast, seier Stein Flataker.

Artikkeltags