Meir å henta?

Artikkelen er over 11 år gammel

For Hosteland i Masfjorden.

DEL

Å få fart på Hosteland er neste utfordring i Masfjorden sitt prosjekt for Lokalsamfunnsutvikling.

Masfjorden kommune har fokus på folketal og trivsel i sitt prosjekt for utvikling av lokalsamfunnet. Innsatsen er delt inn i fleire mindre prosjekt, og no går set ein i gang delprosjektet for utvikling av Hosteland som senter.

Ei eiga gruppe skal jobba spesielt med Hosteland, forutan prosjektmedarbeidar Torill Monstad består gruppa av Liv Oda Dale (leiar), Vigdis Søvik, Marianne Ulvatn, Kjell Løvik og Erlend Kvamsdal.

- Gruppa har akkurat hatt sitt første møte, og er samde om at Hosteland må jobba meir aktivt for å ta del i den utviklinga som skjer i regionen, seier Torill Monstad.

Vil ha bygda på beina

No først ønskjer gruppa å engasjera bygda, og det raskt. Brev er allereie ute der ein bed om innspel innan tysdag.

- Vi vil vita kva innbyggjarane og aktørane i og kring sentrum av Hosteland ser av behov og utfordringar. Utfordringa går til både næringsdrivande, institusjonar, lag og foreiningar. Vi vil vita kva folk er spesielt opptatt av og som kan bidra til at Hosteland vert ein endå betre og trivelegare plass å bu og jobba på, seier Monstad?

- Ein viktig del er å få svar på kva som skal til for at Hosteland vert ein stad folk flyttar til, og ein betre plass å etablera næringsverksemd på.

- Vi spør og om det er næringar ein burde arbeida spesielt for å få på plass, seier Monstad.

Artikkeltags