Digitalt klasseskilje blir innført i Gulen kommune

Arve Mjømen meiner det blir eit digitalt klasseskilje i Gulen kommune.

Arve Mjømen meiner det blir eit digitalt klasseskilje i Gulen kommune. Foto:

Av
DEL

MeiningarGulen kommune har tidlegare i sommar signert kontrakt med Telenor angåande utbygging av moderne og effektivt fibernett.

I alt om lag 16 – 17 bygder blir då oppdatert med tidsriktig nettilbod. Men så blir det liggande nokre bygder igjen utan fibernett, det rår til og med ei uvisse om gjenståande bygder får fibertilbod eller ikkje.

Fleire av dei bygdene som ikkje er inkludert i tilbodet og i kontrakten, er sterke på næringsliv, er aktive for å skaffe Gulen gode skatteinntekter og folkeauke gjennom tilflytting, betaler sin eigedomsskatt som alle andre. Premieringa er i serdeleshet dårleg frå kommunen si side.

Dei gjenståande bygdene er blant anna Mjømna, Furenes, Austgulen, Hjartholm, Instefjord og Grima med kanskje fleire. I staden for å legge fondsmidlar i potten for å få løyst ut alle bygder, viser kommunen til følgjande: Pr. no ingen vidare planer for utbygging og heller ingen søknader om vidare utbygging av fiber, kommunen har nok å ta seg av no. Skal sjå om det kan sendast søknad. Jumboplass i fiberutbygginga i Sogn og Fjordane er fortjent med denne instillinga.

Telenor og Gulen kommune vart kontakta straks det vart kjendt at Mjømna i 2. anbudsrunde var uaktuell for fiberutbygging, Mjømna låg nemleg inne som ei av dei prioriterte bygdene i 1. anbudsrunde. Svar på spørsmål til kommunen om årsak til kvifor Mjømna var ute, var tilbodet frå Telenor som vann anbodet og vurdering av at Mjømna var ei bygd som hadde eit så pass sterkt næringsliv at ein var betre i stand til å bidra noko sjølv og at tilbod elles frå bygda kanskje ville føre til at Mjømna likevel kunne kome med i denne runden, ikkje i same anbodet, men bli utbygd samtidig likevel med hjelp av stort og solid tilskot frå bygda.

Dette svaret gav mange tankar om korleis kommunale vurderingar er blitt utført rundt anbodet i forkant og i ettertid. Mjømna har etablert fleire verksemder med blant anna byggevarehandel og utførande i byggebransjen med 24 tilsette, i tillegg er 15 – 20 talls tilsette i prisbelønt IT-bedrift med Njål og Linn Wilberg sitt engasjement for sine verksemder innan bransjen. Frå deira side er det arbeidd opp mot kommunen i 10 år for betre nettilgang uten resultat. Ei IT-bedrift blir ikkje prioritert for fiberutbygging av Gulen kommune? Dette er naturstridig og utruleg.

Dette fører til eit digitalt klasseskilje og skaping av A- og B-bygder, og ei bevisst sentralisering frå Gulen kommune som Sp og AP og kommunestyret elles styrer mot.

Gulen kommune bør no sørge for å legge inn betydelege budsjettmidlar til forskottering eller som ein pott som kan søkast over til delfinansiering av fiber til bygder som ikkje er med i utbygginga no. Det vil bidra til at resterande bygder kan ha moglegheit til å bygge ut fiber med eige initiativ og eigen kapitaltilførsel, slik Mjømna er i gang med no, bygdefolket tek aktivt tak sjølv som dei plar gjere i viktige saker.

Der andre får gratis framføring av fiber må resterande bygder ta aktivt grep med dugnad og grøftgraving og i tillegg betale sjølve, det klarer vi samtidig som vi legg inn eigedomsskatt i rikt monn til bruk i dei øvrige deler av kommunen.

Det er viktig med fibertilgang samtidig til alle dersom det ikkje skal skapast A-og B-bygder i kommunen slik opplegget er no.

Solund og Masfjorden kommunar har klart det Gulen ikkje har klart, i forhold til fiberutbygging.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags