Vi har eit rikt næringsliv i Nordhordland

Rundt 1000 personar har arbeid knytt til Statoil Mongstad.

Rundt 1000 personar har arbeid knytt til Statoil Mongstad. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeiarI dag var det duka for næringskonferansen på Mongstad som Nordhordland Næringslag har tradisjon for å arrangere kvart andre år i samband med val. I samband med den har Avisa Nordhordland også brukt å gje ut eit næringsmagasin. Det har vi gjort i år igjen. Magasinet er eit samarbeid med næringslaget, men det er redaksjonen vår som har gjort alle redaksjonelle val og prioriteringar av innhald.

Temaet for konferansen er «Alt er i endring», og vi har forsøkt å sjå på korleis dette slår ut i nokre av dei viktigaste bransjane regionen. Oppdrettsnæringa har mykje fokus på seg og blir viktig både for landet, Vestlandet og Nordhordland i framtida. Her kan vi i magasinet fortelje at oppdrettskonge Ola Braanaas har gigantiske planar på Mjømna. Braanaas vil investere 500 millionar, noko som vil skape fleire arbeidsplassar dersom han lykkast. Fleire og fleire aktørarar har også tru på at oppdrett av tare kan bli innbringande i framtida. Vi har møtt nokre av dei som satsar.

Vi har også saker på den tradisjonelle industrien. Korleis går det med Statoil Mongstad? Faktum er at raffineriet aldri før har produsert så mykje bensin og diesel. Første halvår i år har dei sett produksjonsrekord. Den som trur oljebransjens tid er forbi må nok tru om igjen. Mongstad er på ingen måte i ferd med å trappe ned. Det var også sjefen Rasmus Wille klar på overfor dei over 600 frammøtte på Mongstad onsdag. Og det kjem andre bedrifter til gode. Berre spør PSW Group og Oddbjørn Haukøy som satsar offensivt. Dei har mål om å bli dobbelt så store dei neste fem åra.

Vi har også tatt for oss kommune for kommune for å sjå korleis meir vanlege bedrifter, som ikkje høyrer til oppdretts- eller oljebransjen, gjer det. Her er det Coop-kontrollerte Lindås-bakeriet Goman Rognaldsen heilt i toppen. Lite er kjekkare enn bedrifter lokalt som gjer det så godt og er rusta for framtida.

Det vi først og fremst skal vere glade for i Nordhordland er at vi har eit så rikt, variert og mangfoldig næringsliv. Det kan vere lett å bli pessimist når industriarbeidsplassar går tapt, slik vi har opplevd dei siste åra, for eksempel i Framo, men det må ikkje få overskygge alt det positive som skjer.

Samtidig skjer det mykje i samfunnet, både på det overordna plan og lokalt. Det er store reformer, og strukturar blir endra. Å få lov å lage avis i eit slikt distrikt i ei slik tid er eit privilegium. Vi er i den heldige situasjonen at vi må seie nei til å skrive gode saker, av den grunn at vi ikkje alltid har kapasitet. Vi håper også næringslivet ser verdien av ei lokalavis som er tett på, følgjer samfunnsutviklinga, fortel suksesshistoriene og set kritisk søkelys på dei område media har som oppgåve å passe på. Det er i alle fall vårt mål for fortsetjinga.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags