Tøft og riktig å tenke større

Så idyllisk kan Fedje vere. No vil Fedje-rådmann Ingebjørg Vamråk at endå fleire turistar skal ta turen til øya. Arkivfoto

Så idyllisk kan Fedje vere. No vil Fedje-rådmann Ingebjørg Vamråk at endå fleire turistar skal ta turen til øya. Arkivfoto

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeiarI næringslivet, i det politiske miljøet og blant aktørane i reiselivet er ein stort sett einige i at Nordhordland-regionen har eit stort, uforløyst potensial når det gjeld turisme. Det inkluderer ikkje minst Fedje, som lenge har hatt ambisjonar og strategiar om å satse på turisme.

I fjor fekk den vesle og unike øya i havet ein etterlengta opptur om sommaren etter at det vart sett opp ei ny båtrute frå Hellesøy i Øygarden til Fedje. Denne trakk tilreisande gjennom heile sommaren og blir sett opp på ny i år. Komande sommar blir det også sett opp ei eiga båtrute frå Bergen, som forhåpentlegvis aukar trafikken ytterlegare.

Fedje-rådmannen set i gang prosjekt for å trekke fleire turistar til Fedje

Men på Fedje blir det tenkt endå større tankar. Den ferske rådmannen Ingebjørg Vamråk har frå dag ein vore opptatt av turisme. Som vi fortel om i dagens avis har ho sett i gang eit ambisiøst reiselivsprosjekt. Kva som kan komme ut av dette er framleis uklart, men kommunen inviterte heile befolkninga inn til kommunestyremøtet tysdag forrige veke for å presentere prosjektet.

Vamråk har blitt omdiskutert i starten av rådmannsgjerninga si på Fedje. Ho har gjort nokre endringar internt i kommuneorganisasjon, og etter at Avisa Nordhordland fortalde at ho fekk auka løna si med 30 prosent (250.000 kroner) etter berre vel eitt år i stillinga har fleire røyster vore kritiske, mellom anna vi på leiarplass.

Men det betyr ikkje at Vamråk ikkje fortener ros. Når det gjeld dette prosjektet, meiner vi det er heilt riktig. Det blir tenkt nytt og større. Planane blir basert på erfaringar internasjonalt. Slik må ein også våge å tenke i Nordhordland. Så liten kommune som Fedje er, blir det fort personavhengig kven som styrer. Og her skal Vamråk ha ros for å ta initiativ utover det ho strengt tatt er nødt til i stillinga si.

Opp gjennom åra har strilane hatt tradisjon for å vere smålåtne. Å gå ut med store visjonære planar har ikkje lege til strilekulturen. Det ser ut som fleire ser at ein må endre på denne tankegangen for å lykkast innan næringsliv og reiseliv i framtida. Dette var seinast hotellsjef Runar Hilland inne på her i avisa.

Rådmannsløna på Fedje: Sender feil signal 

Det er sjølvsagt ei bakside når ein går høgt på bana. Lukkast ein ikkje, risikerer ein negativ omtale og jantelova. Få ting er så kjekt for folk som å vere etterpåkloke og seie «Kva var det eg sa?» når noko mislukkast. Men frykta for den typen snakk må ikkje vere til hinder for at ein vågar å satse, både ein, to og tre gonger.

Men i tillegg til visjonar, prosjekt og Power Point-presentasjonar, trengst det som regel pengar for å skape varig suksess. Å alliere seg med investorar, helst lokale som brenn for prosjekta utover det reint økonomiske, vil vere ein fordel. Vi ser med spenning på planane og heiar både på Fedje og reiselivsnæringa i Nordhordland.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags