Skyss bør kartlegge grunnlaget for helgebåt

Avisa Nordhordland meiner Skyss bør kartlegge passasjergrunnlaget for snøggbåt til Nordhordland før ønsket frå passasjerane blir avfeia. Foto: Linn Merete Rognø

Avisa Nordhordland meiner Skyss bør kartlegge passasjergrunnlaget for snøggbåt til Nordhordland før ønsket frå passasjerane blir avfeia. Foto: Linn Merete Rognø

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeiarSnøggbåten mellom Nordhordland og Bergen har hatt ein formidabel passasjerauke dei siste åra. Båten har berre blitt meir og meir populær som transportmiddel i staden for å måtte stå i stampe på ein stadig meir trafikkert E39 til og frå byn. Frå å ha frakta 84.000 personar i 2014, frakta den i fjor 121.000.

I dagens avis tar fleire faste pendlarar til orde for at båten også bør få gå i helgane. Dei passasjerane vi har snakka med er samstemde i at helgebåt er eit tilbod som vil bli brukt dersom det blir oppretta.

LES OGSÅ: Pendlarar vil ha snøggbåt i helgane

Dette er truleg ei sak dei fleste i Nordhordland vil vere for. Få er motstandarar av å få eit betre kollektivtilbod. Problemet er kostnaden. Norled som driftar snøggbåten får i dag 10,2 millionar kroner i tilskot frå det fylkeskommunale selskapet Skyss.

Billettinntektene var i fjor på ca. tre millionar, og er altså ikkje i nærleiken av å dekke kostnadane med ruta. Båtpassasjerane blir altså sponsa ganske mykje - allereie i dagens tilbod på kvardagar.

Politikarane i Nordhordland bør ta til orde for at det blir gjennomført ei kartlegging av passasjergrunnlaget for helgerute slik mange av passasjerane ønsker.

Skyss går langt i å antyde at noko helgetilbod ikkje er aktuelt å innføre. Dei viser til at båt er i direkte konkurranse med andre kollektivtilbod, altså buss. Dei meiner også at passasjergrunnlaget er for lite.

Det kan godt vere at det er riktig, men bør ikkje saka undersøkast meir før ein trekkjer ein slik konklusjon?

Politikarane i Nordhordland bør ta til orde for at det blir gjennomført ei kartlegging av passasjergrunnlaget for helgerute slik mange av passasjerane ønsker.

Det einaste nordhordlendingane kan gjere i fortsettinga for å få helgebåt er å bruke båten endå meir enn dei gjer i dag. Dess fleire som tek båt, dess større sjanse er det for at tilbodet kan bli utvida i framtida.

Så håpar vi det ikkje blir sett sluttstrek for denne saka med utsegnene frå Skyss. At det blir gjort eit skikkeleg kartleggingsarbeid for grunnlaget for eit helgetilbod må vi kunne forvente.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags