Gå til sidens hovedinnhold

«Rettssakene er uheldig for Knarvik senter og Knarvik som handelsstad»

Artikkelen er over 3 år gammel

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

For rundt eit år tilbake fortalde vi om ein stor og langvarig konflikt i Knarvik senter. Knarvik Senterforening, som representerer butikkar og leigetakarar i senteret, følte seg lurt for fleire millionar kroner av huseigarane og selskapet Knarvik Senterutvikling.

Saka har fleire stridsspørsmål, men det handlar i grove trekk om avtalane som er skrivne med Meny/NorgesGruppen og Vinmonopolet. Desse leigetakarane har fått redusert- og fritak for å betale senter- og marknadsføringsavgift, noko senterforeininga meinte huseigarane ikkje hadde lov å gje dei i henhold til avtalen med senterforeininga.

Millionkrangel på kjøpesenteret 

Senterforeininga meiner dei på denne måten indirekte har sponsa Meny/NorgesGruppen og Vinmonopolet og tapt millionar. Saka har vore prøvd løyst i fleire år, men partane kom ingen veg gjennom vanleg dialog. Senterforeininga valde å ta ut stevning, og saka kom til slutt opp for Bergen tingrett, der den gjekk over tre dagar tidleg på nyåret.

Les også

Strid mellom eigarane av Knarvik senter ender i retten

 

Dommen fall 6. februar. Den blei eit nederlag for senterforeiniga, som tapte og også må ut med 369.000 kroner i sakskostnader til NorgesGruppen. På noverande tidspunkt er det ikkje kjent om senterforeininga vil anke dommen. Huseigarane, først og fremst representert ved Olav Kåre Vatnøy, er fornøgd og seier i dagens avis at dommen er som forventa. Han håpar no på ro i senteret.

Les også

Senterforeininga tapte i striden rundt Knarvik senter – må ut med store advokatutgifter

 

Det får han nok ikkje heilt med det første. For senterforeininga har også ei sak mot Vinmonopolet som skal opp i retten i slutten av mars.

Vi meiner desse rettssakene er uheldige både for Knarvik senter og Knarvik som handelsstad. At huseigarar og leigetakarar i kjøpesenteret, som skal vere heile regionens samlingspunkt, må i retten i ein bitter strid er ikkje heldig med tanke på utviklinga av senteret og Knarvik som handelsstad. I verste fall vil butikkar og kjedar folk gjerne skulle sett etablerte seg i Knarvik vegre seg for å gå inn i senteret på grunn av alle konfliktene. På den positive sida kan det å få sakene endeleg avgjort i retten vere det som skal til for å sette punktum og bli samde om vegen vidare.

Les også

Olav Kåre Vatnøy: – Det er heilt unødvendig og synd for Knarvik senter at dei lagar til slike saker

 

Jussen har ikkje vi grunnlag for å uttale oss om, men når desse sakene er ferdig i rettssystemet er det heilt tydeleg eit behov for nye og tydelege avtalar mellom alle aktørane i senteret som forhindrar slike konflikter i framtida. For mykje av grunnen til at desse sakene har endt i konflikt og bitre rettssaker skuldast gamle og uklare avtalar som kan tolkast på mange forskjellige måtar. Med tanke på den svært kompliserte eigarstrukturen i senteret er det nesten lagt til rette for konflikter.

PS! Avisa Nordhordland er forplikta til medlemsskap i senterforeininga gjennom vår leigeavtale. Bedrifta har ikkje noko rolle i konflikten.

Les også

Denne konflikten er dårleg PR for Knarvik senter

 

Kommentarer til denne saken