«Nordhordland blir no sett og høyrt og framstår som ein interessant region»

I løpet av relativt kort tid har vi hatt statsminister Erna Solberg, olje- og energiminister Terje Søviknes, kommunal- og moderniseringsminister (tidlegare næringsminister) Monica Mæland og Jan Tore Sanner på besøk. Søviknes var her seinast i slutten av januar, Mæland tilbringer ein heil dag her måndag.

I løpet av relativt kort tid har vi hatt statsminister Erna Solberg, olje- og energiminister Terje Søviknes, kommunal- og moderniseringsminister (tidlegare næringsminister) Monica Mæland og Jan Tore Sanner på besøk. Søviknes var her seinast i slutten av januar, Mæland tilbringer ein heil dag her måndag. Foto:

DEL

LeiarMange ulike aktørar arbeider kvar for seg og i lag for at Nordhordland framover skal vere ein attraktiv region å bu og jobbe i og etablere seg dersom ein driv næringsverksemd.

Dette er ikkje Nordhordland åleine om. Internt i fylket og landet rundt kjempar alle regionar den samme kampen om attraktivitet. Å trekke til seg nye innbyggjarar og bedrifter for å skape vekst er målet.

Mykje kan framleis bli betre i Nordhordland, det veit alle våre faste lesarar. Seinast dei siste vekene har vi skrive om det uforløyste potensialet innan reiselivet.

Men utgangspunktet er på ingen måte heilsvart. Tvert i mot vil vi meine vi er mykje betre rusta enn mange andre regionar. Eit av fortrinna Nordhordland-regionen etter kvart har fått er at ein har skaffa seg eit politisk kontaktnett opp mot toppen av regjeringsapparatet. Dette er dei færraste regionar forunt. Dei tunge industribedriftene våre, med Mongstad i spissen, har spelt ei sentral rolle her.

I løpet av relativt kort tid har vi hatt statsminister Erna Solberg, olje- og energiminister Terje Søviknes, kommunal- og moderniseringsminister (tidlegare næringsminister) Monica Mæland og Jan Tore Sanner på besøk. Søviknes var her seinast i slutten av januar, Mæland tilbringer ein heil dag her måndag.

Dette er ikkje ein hyllest for den sitjande regjeringa og deira statsrådbesøk, men for næringsliv og lokale politikarar er det alltid viktig å ha kontaktar opp mot toppen av maktapparatet uansett kva farge regjeringa har. Mange viktige saker blir avgjort lenge før dei når stortingssalen, og då er det viktig å ha dei riktige kontaktane.

Med tanke på alle besøka er det tydeleg at det blir gjort ein god innsats i organisajsonar som Nordhordland Næringslag, Industriutvikling Vest og blant lokale politikarar, for å nemne nokre aktørar.

Nordhordland blir no sett og høyrt og framstår som ein interessant region. Sjølv om ikkje alle besøk endar med det heilt store, er det betre enn alternativet og noko mange andre regionar misunner oss.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags