Eide Fjorbruk AS søkjer om å få utvida anlegget for oppdrett av matfisk ved Langøy i Lindås kommune. Det vert søkt om å etablera fem nye ringar i rekkje nordvest for eksisterande anlegg. Bakgrunnen for søknaden er at Eide Fjordbruk AS ynskjer å nytte fullt ut løyva som er gitt på til saman 4680 tonn på lokaliteten.

Utvidinga det er søkt om, vil skje innanfor areal avsett til akvakultur i reguleringsplan Langøy-Ospeneset, som vart godkjent i kommunestyret 02.11.2017. Naturvernforbundet Nordhordland handsama søknaden på styremøte 20.12.17 og vedtok å gå imot løyve.

Vi meiner ei utviding strid med føringane i det nye systemet for kapasitetsjusteringar i lakse- og aureoppdrett, det såkalla trafikklyssystemet, som trådde i kraft 15. oktober 2017. Systemet medfører at havbruksnæringa si miljøpåverknad er avgjerande for om næringa skal få tilbod om auke i produksjonskapasiteten eller ikkje.

Miljøpåverknaden vert vurdert innanfor 13 fastsette produksjonsområde langs kysten. Det vert gjort vurderingar anna kvart år, og kapasiteten vert justert med seks prosent, opp (grønt) eller ned (raudt). I gule områder vert kapasiteten fryst.

Naturvernforbundet vil peika på at tiltaket på Langøy ligg i produksjonsområde 4 frå Nordhordland til Stadt. Området har fått trafikklys raudt. Det betyr at produksjonen på sikt skal ned med 6 prosent.

Sjølv om det ikkje er søkt om auka biomasse, vil ei arealutviding med staus quo i biomasse i seg sjølv vera i strid med intensjonane om reduksjon i Nordhordland. Systemet er etablert for å få ned spreiing av lakselus og for å få ned dødelegheita i anlegga. På dette område har oppdrettsanlegg i Nordhordland store utfordringar, ikkje minst i Austfjorden og Masfjorden. Då er det viktig med preventive tiltak.

 

Når det gjeld arealutvidinga det vert søkt om på Langøy ytst i Austfjorden, syner tilleggsnotat frå Rådgivende Biologer datert 13.09.17 at risikoen for spreiing av lakselus frå lokaliteten vil auka:

I sum tilseier ulike typar lakselus-overvaking i Austfjorden dei siste åra at oppdrettsaktiviteten har forårsaka auka smittepress av lakselus i fjordsystemet. Dette har sannsynlegvis betydelege negative verknadar på bestandane av laks og sjøaure i Austfjorden og Masfjorden. Omsøkte arealutviding, med same MTB fordelt på fleire ringar over eit større areal, kan gi auka risiko for påslag av lus på fisk i anlegget, som deretter sannsynlegvis vil ha høg grad av intern smitte. Dermed vil dette potensielt kunne gi fleire tilfelle av «luseoppblomstring» i anlegget, og dermed ein liten auke i produksjon av og spreiing av luselarvar til omgjevnadene.

Med bakgrunn i det nye systemet for kapasitetsjusteringar som er etablert og potensialet for auka spreiing av lakselus som Rådgjevande Biologar beskriv i rapporten sin, meiner Naturvernforbundet Nordhordland det vil vera sterkt i strid med det smittevernet styresmaktene har vedteke, å gje løyve til arealutviding på Langøy. Søknaden må derfor få avslag.

PS! Dette innlegget er også sendt som høyringsuttale til Hordaland fylkeskommune som avgjer om Eide Fjordbruk får konsesjon. Avisa Nordhordland tilbydde oppdrettsselskapet å svare samtidig som dette innlegget står på trykk, men har enno ikkje fått svar.