Fryktar ikkje sosial dumping i NGIR

Erlend Kleiveland er dagleg leiar i NGIR. Han presiserer i dette innlegget at han sjølv ikkje fryktar sosial dumping i det interkommunale renovasjonsselskapet, slik Avisa Nordhordland ved ein beklageleg feil skreiv i ei setning på framsida av papiravisa lørdag 8. oktober og i bildeteksten inne i saka. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Erlend Kleiveland er dagleg leiar i NGIR. Han presiserer i dette innlegget at han sjølv ikkje fryktar sosial dumping i det interkommunale renovasjonsselskapet, slik Avisa Nordhordland ved ein beklageleg feil skreiv i ei setning på framsida av papiravisa lørdag 8. oktober og i bildeteksten inne i saka. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarI avisa Nordhordland 08.10. vert det hevda at både eg og politikarar fryktar sosial dumping i samband med ny transportør frå nyttår. Eg kan forstå at dei som ikkje kjenner saka kan verta uroleg for dette, sidan tilbodet til RenoNorden var prisa svært lågt. I artikkelen er eg korrekt sitert på at eg ikkje fryktar sosial dumping, men likevel vel avisa NH å skriva at «NGIR-sjefen sjølv fryktar sosial dumping» på framsida av avisa. Eg fryktar ikkje sosial dumping i denne kontrakten.

RenoNorden har prisa køyringa så lågt at dei utan tvil kjem til å tapa mykje pengar på oppdraget for NGIR i åra som kjem. RenoNorden er eit børsnotert selskap, og dei har allereie bokført store tap på denne kontrakten. Det at RenoNorden har feilprisa anbodet er ikkje einstydande med at dei kjem til å driva med sosial dumping.

LES OGSÅ: Fryktar NGIR har inngått kontrakt som inneber sosial dumping

I anbodsgrunnlaget har NGIR stilt krav om at løns- og arbeidsvilkåra til alle sjåførar skal vera i samsvar med gjeldande landsomfattande tariffavtale. Dette for å sikra at dei som gjev tilbod på køyringa ikkje skal basera seg på utanlandske arbeidstakarar som får dårlegare vilkår enn norske. Det er også stilt strenge krav til språkferdigheiter, for å sikra at sjåførane kan kommunisera både med oss og kundane våre utan problem. Dette er krav som vert regulert med bøtlegging dersom dei ikkje vert følgd.

RenoNorden køyrer renovasjonsbilar i om lag 150 kommunar i Noreg og er dermed den største aktøren i Noreg på dette fagfeltet. Tilsyn som Arbeidstilsynet har gjennomført hjå RenoNorden gjev ikkje grunnlag for å konkludera med at RenoNorden driv med sosial dumping. Eg registrerer at Stein Inge Larsen er «hundre prosent sikker på at dette er sosial dumping» og at «dette er slett handverk». Til det vil eg seia at dersom nokon sit med dokumentasjon på at RenoNorden tilbyr dårlegare løns- og arbeidsvilkår til utanlandske arbeidstakarar enn til norske eller at RenoNorden ikkje følgjer tariffavtalen dei er bunden av, så ber eg om at NGIR får tilgong til dokumentasjonen slik at den kan leggjast til grunn når me skal følgja opp kontrakten med RenoNorden.

Det står i avisartikkelen at «Her tek ein inn eit fima for å tena meir pengar». Dei som kjenner lovverket, veit at det ikkje er lov korkje å tena pengar eller tapa pengar på renovasjonstenesta som kommunane (og med dette NGIR) er pliktig til å utføra. Kvar krone som NGIR sparer på denne kontrakten kjem difor kundane til gode i form av lågare renovasjonsgebyr. Dersom  NGIR ikkje hadde fått dette unormalt låge tilbodet, ville renovasjonsgebyret måtte aukast ein god del, då det er stor prisauke på handsaming av restavfall og treverk i marknaden. No legg NGIR fram forslag til kommunane om å setja renovasjonsgebyret litt ned og deretter forsøka halda det uendra i fleire år.

LES OGSÅ: RenoNorden vil ikkje snakka om NGIR-kontrakten

I avisa vert det stilt krav om at «kontrakten mellom RenoNorden og NGIR blir kansellert», men dei som kan litt om jus veit at ein slik kontrakt ikkje kan kansellerast utan at vesentlege kontraktvilkår er brote. Då denne kontrakten ikkje har starta opp enno, er det naturleg nok ikkje gjort brot på kontraktvilkåra. Når det er sagt, så trur eg RenoNorden ville vore svært takksam dersom me hadde kunna heva kontrakten, slik at dei slepp å sponsa innbyggjarane våre med store summar.

Erfaringsmessig er det monaleg meir oppfølging av kontraktar som vert gjennomført med tap eller med dårleg margin, enn kontraktar der entreprenøren tenar gode pengar på NGIR. Dette fordi entreprenøren ofte då forsøker å finna høve til å fakturera tillegg, og vert kanskje litt meir firkanta i forhold til tolking av plikter i kontrakten. Frå nyttår tek eg fatt på nye oppgåver i NGIR, der oppfølging av denne kontrakten vert ein sentral del. Både ny dagleg leiar og eg vil gjera det som skal til for at kundane våre framleis skal få gode tenester, og for at dei krava NGIR har stilt i kontrakten vert oppfylte, også i høve sosial dumping.

Erlend Kleiveland (dagleg leiar i NGIR fram til nyttår)


Kommentar frå redaktøren:

Avisa Nordhordland beklagar at vi i ei setning på framsida lørdag 8. oktober og i bildeteksten på side 4 og 5 kom i skade for å skrive at dagleg leiar i NGIR Erlend Kleiveland frykta sosial dumping i sitt eige renovasjonsselskap. Det var Gulen-politikar Stein Inge Larsen (H) som uttalte, og står inne for, at han fryktar sosial dumping i NGIR.

Trond Roger Nydal

redaktør/dagleg leiar Avisa Nordhordland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags