Er det berekraftig å tillate utviding av fiskeoppdrettet ved Mundal?

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevEide Fjordbruk har søkt om utviding av anlegget sitt ved Eikebærånæ ved Mundal, og grunngjev dette med at oppdrettsfisken då vil ha det betre (Avisa Nordhordland 20.10.18). Ei utviding vil imidlertid føre med seg andre ulemper, og i dette innlegget vil eg ta for meg nokre av ulempene ved å leggje beslag på eit så stort fjordområde.

Slik eksisterande anlegg ligg i dag er det allereie i konflikt med fritidsfiske i området, og med den utvidinga det er søkt om vil denne konflikta verte markant større. Sjølve anlegget vil leggje beslag på eit mykje større område av fjorden, og dette vil heilt klart vere sjenerande for bruk av fjorden.

Den største ulempa slik eg ser det vil likevel vere forankringane som må til for å halde på plass eit så stort anlegg, då det går fram av søknaden at tal fortøyingar vert mangedobla i høve til fortøyingane på dagens anlegg. Me slit allereie med at eksisterande fortøyingar er i vegen for det fisket me «alltid» har drive med i området, og opplever stadig at fiskereiskap hektar seg fast og går tapt – med dei negative følgene for miljøet i fjorden det har.

Me prøver å tilpasse oss slik at fiskereiskap ikkje kjem i kontakt med fortøyingane, men opplever det som krevjande. Med den planlagde utvidinga vert nye fortøyingar så mange, så lange og plassert så tett – både med kvarandre og mot land – at me lurer på om det i det heile tatt er mogeleg å drive fritidsfiske i området. Området fortøyingane legg beslag på er stort – over 2 km langs land, og ut til rundt midtfjords.

– Halve fjorden vert stengt om Eide fjordbruk får det som dei vil

Kvifor er det eit problem at det vert umogeleg å drive fritidsfiske?

Det er eit aukande fokus i vår tid på at me må klare å snu vår levemåte til å vere meir berekraftig. I det å vere berekraftig ligg det fleire perspektiv, både økonomiske, kulturelle, demokratiske og økologiske. I det økologiske perspektivet ligg det å ta vare på naturen, og forvalte den på ein forsvarleg måte. Barn som opplever naturen som ein verdfull stad å vere, vil sannsynlegvis byggje ei større forståing av å ta vare på den (Steneby, 2014).

Fakta

Referansar til litteratur om utvikling av berekraftig medvit:

Dickinson, E. (2013). The Misdiagnosis: Rethinking “Nature-deficit Disorder”. Environmental Communication, 7:3, 315-335, DOI: 10.1080/17524032.2013.802704

Heggen, M. P. (2016). Education for Sustainable Development in Norway. I J. Siraj-Blatchford, C. Mogharreban & E. Park (Red). International Research on Education for Sustainable Development in Early Childhood, Springer, 91-102.

Hordaland fylkeskommune (2015). Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025. Hentet fra: https://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/kultur/hfk_kulturplan.pdf

Krempig, I. W. & Utsi, T. Aa. (2017). Hvor kommer maten fra? Høsting av «vill» mat med barnehagen. I B. U. Wilhelmsen (Red.), Mat- og måltidsaktiviteter i barnehagen (s. 81-108). Oslo: Universitetsforlaget.

Sinnes, A. T. (2015). Utdanning for bærekraftig utvikling. Hva, hvorfor og hvordan? Oslo: Universitetsforlaget.

Steneby, S. S. (2014, 18. februar). Når barna viser vei. Harvest magazine. Hentet fra: https://www.harvestmagazine.no/artikkel/nar-barna-viser-vei

For å kunne ta vare på naturen må ein ha kjennskap til den – og det er her fritidsfiske kjem inn. Gjennom å ferdast på fjorden og hauste av den slik me har gjort i generasjonar, kan òg den oppveksande generasjon få høve til å få førstehandskjennskap til denne delen av naturen (Krempig & Utsi, 2017, s. 107), og slik vere med på å ta vare på naturen i framtida. Dei kan få oppleve å ferdast på fjorden i skiftande årstider, og gleda og spaninga ved å fiske sin eigen mat.

Det er ein helt klar samanheng mellom å få rikhaldige naturopplevingar som barn og ung, og det å vere oppteken av å forvalte naturen på ein berekraftig måte som vaksen (Hordaland fylkeskommune, 2015, s. 100 og Heggen, 2016, s. 92). Når me veit at den oppveksande generasjon er mindre utandørs enn tidlegare generasjonar (Dickinson, 2013), er det grunn til å søkje å legge meir til rette for naturopplevingar, ikkje mindre. Me treng alle at den oppveksande generasjon vert betre på å tenkje berekraft enn me sjølv har vore…

Eide Fjordbruk svarar: Ringanlegg vil gje betre plass og meir optimale forhold for fisken

Eit raskt overslag viser at det er om lag 30 barn og unge under 20 år som høyrer til på Mundal, der heile strandsona vert råka av fortøyinga til omsøkt anlegg. I tillegg kjem dei i nabobygdene som også nyttar dette området til fritidsfiske. Gjennom allemannsretten, ein rett som er ganske unik i verdssamanheng (Sinnes, 2015, s. 142), har me i Noreg god moglegheit til å nytte naturen. Ved å tillate omsøkt utviding av anlegget vil ein begrense tilgang til fjorden, og i praksis ta i frå den oppveksande generasjon her moglegheita til å drive fritidsfiske og slik verte kjend med denne tradisjonelle måten å hauste av naturen på. Dette er alvorleg, då det er heilt klart at ei dreiing i meir berekraftig retning må inkludere barna våre (Steneby, 2014).

Me må alle ta medansvar for ei berekraftig framtid.

I formålsparagrafen (§1) i akvakulturlova står det «loven skal fremme akvakulturnæringen (…) innenfor rammene av en bærekraftig utvikling». Det hjelper lite at sjølve anlegget driftast berekraftig isolert sett, dersom ein samtidig tek vekk grunnlaget for berekraft – på fleire plan – i heile området. Eg ber difor om at Lindås kommune tek omsyn og medansvar for ei berekraftig framtid i si behandling av omsøkt utviding, slik at også nye generasjonar kan nytte fjorden som ei kjelde til rikhaldige naturopplevingar.

Reidun Landro

Nabo til anlegget og seks barn

– Fake news frå Eide fjordbruk

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags