Lokalavisene styrkar posisjonen

Vekst: Avisa Nordhordland er ei av 62 Amedia-eigde lokalaviser landet rundt. I likheit med dei andre avisene opplever vi no abonnementvekst etter fleire år med tilbakegang. Foto: Morten Sæle

Vekst: Avisa Nordhordland er ei av 62 Amedia-eigde lokalaviser landet rundt. I likheit med dei andre avisene opplever vi no abonnementvekst etter fleire år med tilbakegang. Foto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

KronikkNorske lokalaviser er unike. Meir enn 2100 lokalavisjournalistar og -redaktørar spreidd over heile landet gjer ein jobb ingen andre gjer. Dei produserer og formidlar nyheiter og aktualitetar frå politikk, næringsliv, kulturliv, underhaldningsliv, frå barne- og ungdomssektoren, frå organisasjonslivet og idrettslivet. Ei god lokalavis er til stades, leverer relevans, identitet og engasjement.

Dette gjer lokalavisa til ein viktig samfunnsinstitusjon. Den bryr seg om det som skjer. Den er lokalpatriot og -kritikar. Den stiller spørsmål og gir svar. Den påverkar og utviklar. Kort sagt: Lokalavisa er den viktigaste kjelda innbyggjarane har for å halde seg oppdatert om det som skjer i nærmiljøet. Derfor er meir enn to av tre innbyggjarar dagleg lesarar av si lokalavis på papir eller digitalt. Ikkje noko anna medium er tettare på folk og har tilsvarande lokal gjennomslagskraft. Ikkje NRK. Ikkje TV2. Ikkje VG eller andre riksaviser. Og heller ikkje Facebook.

Dei siste åra har enkelte spådd lokalavisa sin død. Den sterke abonnementsveksten Amedia sine aviser opplever kvar dag avkreftar ettertrykkeleg desse spådommane. Amedia sine 62 lokalaviser har no 6,2 prosent fleire betalande kundar enn for eitt år sidan. Aldri før har kundeveksten vore like sterk. Årsaka er at lokalavisa har fornya seg. Gjennom eit stadig betre digitalt tilbod får abonnentane nyheitene når dei skjer samtidig som ei godt redigert papiravis gir oversikt og innsikt. Og takka vere eit breidt digitalt tilbod når vi stadig fleire yngre abonnentar.

Fakta

Amedia er eigd av Amediastiftelsen.

Amedia har 62 abonnementsaviser over heile landet.

På Vestlandet eig Amedia Avisa Nordhordland, BA, Kvinnheringen, Hardanger Folkeblad, Haugesunds Avis, Firda, Firdaposten, Aura Avis og Tidenes Krav.

Konsernet sine aviser har no 482.000 betalande abonnentar. 100.000 av desse er heildigitale.

Amedia sine aviser blir lest av meir enn 1,6 millionar nordmenn dagleg.

I Amedia sine primærkommunar les mellom 60 og 80 prosent lokalavisa kvar dag.

Meir enn kvar femte abonnent er i dag heildigital, og andelen veks veke for veke. I desse dagar passerer Amedia 100.000 reine digitale abonnentar. Samtidig vil vi snart passere 500.000 abonnentar totalt. Årsaka er at komplettabonnentane våre seier ja takk, begge deler, til både papiravisa og det digitale innhaldet.

Det viktigste innhaldet blir skapt lokalt, og Amedia skal hegne om lokalavisa sin lokale posisjon og tilhøyrigheit. Men i fellesskap kan avisene våre utvikle eit stadig breiare innhaldstilbod. Det er årsaka til at vi tilbyr livesendingar av lokale fotball- eller ishockeykampar, ei dagleg eavis med nasjonale og internasjonale nyheiter (Rix) samtidig som abonnentane våre har moglegheit til å dele tilgangen med øvrige familiemedlemmer slik at alle kan ta med seg lokalavisa alltid og overalt.

Amedia har brukt store ressursar på å utvikle aID som ei moderne og enkel innloggingsløysing, og vi vidareutviklar aID som ei fleksibel, moderne og brukarvenleg løysing for å sikre enkel tilgang til alt innhaldet lesarane våre ønsker. Men det er først og fremst vår evne til å tilby eit stadig betre redaksjonelt innhald som skal sikre ein fortsatt kraftig abonnementsvekst i åra som kjem. For dess fleire abonnentar vi har, dess betre kan lokalavisene gjere jobben sin og tilby kundane våre endå betre innhald i åra framover.

Alle lokalaviser som er under Amedia-paraplyen er sikra eit langsiktig og stabilt eigarskap. Sparebankstiftelsen DNB overtok eigarskapet i Amedia i mai. Som følge av dette blei Amediastiftelsen etablert, og Amedia er etter dette ei sjølveigd stifting med formål om å sikre utviklinga av sterke, norske lokalaviser. Alle tradisjonelle medier, også lokalavisene, opplever no krevjande økonomiske tider. Derfor er det viktig for våre lokalaviser at Amediastiftelsen har ei god finansiell stilling. I tillegg er Amedia sine aviser sikra at dei resultata selskapet skaper framover blir brukt til å styrke og vidareutvikle lokalavisene våre.

Men til sjuande og sist er det den lokale oppslutnaden om lokalavisa som er avgjerande for om vi lykkast. Kvar einaste dag les mellom 60 og 80 prosent av innbyggjarane i våre kommunar si lokalavis. Det er årsaka til at våre 1,6 millionar daglege lesarar framleis utgjer ein kraftfull annonsekanal.

Gjennom lokalavisa treff annonsørane kundane i sitt kjende miljø og i ein relevant kontekst, og våre abonnentar er lojale kundar som hyppig oppsøker si lokalavis. Visst er konkurransen frå internasjonale aktørar utfordrende om dagen. Men våre lesarar har alltid sett pris på lokalavisa som marknadsplass, og derfor jobbar Amedia målretta for å utvikle dei kommersielle flatene både digitalt og på papir.

Også andre lokale samfunnsinstitusjonar og bedrifter opplever stort ytre press om dagen. Men vi i Amedia opplever no ein så sterk lokal oppslutnad om avisene våre at vi har tru på at vi saman med alle gode krefter skal klare å styrke den viktige samfunnsrolla avisene våre har i sine lokalsamfunn og for vårt demokrati.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags