Kva skal Lindås, Meland og Radøy kalle seg når dei frå 2020 blir ein kommune? Det er framleis uavklart.

Kommunane har hatt «Nordhordland kommune» som eit arbeidsnamn i prosessane før kommunestyra vedtok samanslåing. Ordførarane i dei tre kommunane gjekk også i fjor haust ut og flagga at dei ville ha dette namnet, men det skapte så mykje debatt at dei valde å gå tilbake på det og «nullstille seg».

Det verkar difor framleis å vere eit ope spørsmål kva kommunen skal heite.

LES OGSÅ: Har du forslag til nytt kommunenamn? Då må du hive deg rundt

Vi har tidlegare teke til orde for at denne saka burde blitt avklara raskt og helst på eit tidlegare tidspunkt enn der vi er no for å komme vidare med alle dei andre og viktige spørsmåla i samband med samanslåinga.

No har ikkje det skjedd, og kommunane går i gang med ei undersøking der dei vil høyre innbyggarane si meining. Ingen kan arrestere dei på det. Å lytte til folket er det klokaste politikarane kan gjere, både dersom dei vil ha respekt og vil bli attvalde. Politikarane skal difor ha ros for at dei vel å involvere innbyggarane no på tampen.

Det blir derimot lagt opp til ein kjapp prosess, for i løpet av denne våren må namnet avklarast slik vi har fortalt tidlegare. 20. april, altså torsdag, er fristen for å komme med innspel til namnekomiteen som er nedsett av den førebuande fellesnemnda, og innan 5. mai skal komiteen vere klar med ei innstilling til politikarane. Då skal materialet ha kokt ned til maks tre namneforslag.

LES OGSÅ: Namnekomiteen for ny storkommune er på plass

Vi ønsker å gje kommunane litt ekstra draghjelp. Har du forslag til kva den nye kommunen kan heite, så skriv på vår Facebook-side. Der har det allereie komme inn titals med forslag.

Dette er nok ei sak som garantert vil bli diskutert rundt kaffi- og middagsborda i påska. Klekker du ut eit namn, eller kjem over eit godt, så kom til oss med det. Namneforslaga vil bli presentert på nett og i papiravisa onsdag 19. april.

Vi nyttar anledninga til å ønske alle våre lesarar og samarbeidspartnarar ei god påske!