Har tapt enorme beløp

Framo Flatøy mista nær 170 millionar av omsetnaden i fjor målt mot 2015.

Framo Flatøy mista nær 170 millionar av omsetnaden i fjor målt mot 2015. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeiarNedgangstidene i oljebransjen har fått mykje merksemd dei siste par åra. Nedgangen har blitt ekstra synleg for folk flest når bedriftene må nedbemanne og nyheitene kjem ut i media.

Men kvifor mange industribedrifter langs heile Vestlandskysten har blitt tvunge til å nedbemanne forstår vi kanskje endå betre no i etterkant når fasiten blir kjent i form av offentlege rekneskap. Den er desverre dyster lesnad for nokre av dei største industribedriftene i vår region.

Vi fortalte nyleg om rekneskapen til RadøyGruppen. Den viste at omsetnaden hadde falle med 143 millionar frå 2015 til 2016, enorme 638 millionar dei siste to åra samla. Bedrifta har årsresultat på negative 20 millionar samla dei to siste åra. Hjørnesteinsbedrifta på Radøy set sin lit til å gå i balanse i år. Det er truleg heilt nødvendig skal Ståløy-familien unngå nedskjæringar i arbeidsstokken.

RadøyGruppen har tapt 26 millionar kroner på to år 

Vi har også fortalt om tilstanden i Framo-konsernet, som har to fabrikkar i Meland, på Flatøy og Holsnøy. Også her går nedgangstidene tydeleg fram av rekneskapen for nokre av avdelingane.

Framo Flatøy mista nær 170 millionar kroner av omsetnaden samanlikna med 2015. Avdelinga er den svakaste i konsernet og slit med lønnsemda. Framo Holsnøy leverte eit solid overskot i fjor, på 22 millionar, men også dei har tapt mykje pengar siste året. 68 millionar av inntektene har fordufta målt mot 2015.

Framo Flatøy leverer svakest i konsernet 

Like over Nordhordlandsbrua, på Hordvikneset, finn vi motorfabrikken til Rolls Royce. Bergens Tidende fortalde nyleg at dei har mista 627 millionar av omsetnaden berre det siste året. Årsresultatet vart 316 millionar kroner i minus.

Sett frå ståstaden til små- og mellomstore bedrifter, som dei vi har flest av i Nordhordland, er det svimlande summar som har gått tapt. Samtidig er det viktig å ta med seg at åra ein måler mot no er tidenes beste - og truleg unaturleg gode sett over eit lengre tidsrom.

Det har alltid gått opp og ned i industrien, gjerne i takt med oljeprisen. Når ordet krise blir brukt kan det difor vere lurt å gå djupare inn i materien. For rekneskapstala viser at ein del store industribedrifter framleis går med store overskot. Framo-konsernet samla har for eksempel eit overskot på over 600 millionar i fjor og kan dermed ta ut utbytte og konsernbidrag i hundremillionersklassen. Bildet er altså ikkje svart-kvitt.

Vi er no inne i ein valkamp der nedgangen i oljebransjen og tapte arbeidsplassar garantert blir tema. Då kviler det eit ansvar på politikarane for at debatten blir nyansert.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags