«Særleg plassering av bomstasjonar, oppimot kvar det er planlagt å bygge veg, er problematisk i Nordhordlandspakken»

Fylkesveg 565 Marås - Soltveit har høgast prioritet i Nordhordlandspakken, men prosjektet blir dyrare enn først berekna, og no er det debatt om korleis ein skal løyse situasjonen.

Fylkesveg 565 Marås - Soltveit har høgast prioritet i Nordhordlandspakken, men prosjektet blir dyrare enn først berekna, og no er det debatt om korleis ein skal løyse situasjonen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevSer leiaren for Alver SP Asbjørn Toft samt Olav Steinar Namtvedt og Per Lerøy taler for å bygge FV-565 Soltveit – Marås snarast. Dei argumenterer også sterkt for at ein må bygge vegen heilt fram til Marås, ikkje avslutta i Snekkevika. Me kan einast om at veg er viktig og dagens FV-565 på strekningen er veldig dårlig. Strekninga slit særleg med trafikktryggleiken, der den slingrar seg mellom hus og løe.

Strekninga Soltveit – Marås er ein del av Nordhordlandspakken. På grunn av diskusjon i lokalavisene vart det stilt nokre spørsmål til spørjetimen i kommunestyremøt 18. oktober. Kommunen er ikkje rett adresse for desse spørsmåla lenger, det er kontaktutvalet for NH-pakken, som Stortinget har sagt skal styra pakken.

Kommunen sendte spørsmåla dit, og fekk svar frå leiaren, som er samferdselsdirektør i fylkeskommunen, Håkon Rasmussen. Svara er nokså generelle men stadfester ein del problematikk rundt Nordhordlandspakken, særleg plassering av bomstasjonar oppimot kvar det er planlagt å bygga veg. Det viser også svara i spørsmål 4 og 5. Særleg interessant formulering er «og ein har forsøkt å unngå at mange får nytte utan å vera med å betala.» det står ingen ting om at ein har prøvd å unngå at mange betalar utan å få nytte.

Henta frå heimesida til Radøy kommune.

1. Kva vert endringane på strekninga Soltveit til Marås i forhold til vedtatt trase og standard på vegen? Korleis er økonomien i prosjektet?

Svar: Einaste endring er at vegen vert bygd utan gang- og sykkelveg for å redusera overskridingar i forhold til ramma. På grunn av at det ikkje vert bygd gang- og sykkelveg langs den nye vegen, vil det etter planen bli gjennomført tiltak for å betra trykkleiken til mjuke trafikantar på gamlevegen når den nye vegen er opna for trafikk. Når det gjeld strekninga Snekkevika til Marås er dette svart på under spørsmål 8.

2. Eventuelt kva konsekvensar får det for resten av Nordhordlandspakken?

Svar: Prosjektporteføljen må tilpassast den totale økonomiske ramma for pakken, slik som vedteke i Stortingsproposisjonen.

Det står følgjande i Stortingsproposisjonen:

«Som for andre bompengepakker, er det føresett at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma. Dersom kostnadene for nokre av prosjekta/tiltaka aukar, vil dette innebere at andre prosjekt ikkje blir gjennomførte. Dersom enkelte prosjekt/tiltak blir rimelegare enn føresett, blir det plass til fleire prosjekt/tiltak eller innkrevjingsperioden kan reduserast.»

3. Vert det endringar på nokre av strekningane i Lindås og Meland?

Svar: Det kan hende - er avhengig av porteføljestyringa i pakken og konklusjonar som vert gjort etter planarbeidet er ferdig med oppdaterte anslag på kostandar for dei ulike prosjekta J.fr. det som står i Stortingsproposisjonen ovanfor.

4. Har ein ei forventa inntektsberekning pr. bomstasjon?

Svar: Nei. Vi har ei venta inntekt for det samla systemet. Vi veit i dag ikkje korleis trafikkmønsteret og timesregelen vil vera og kva stasjon som vil «få registrert» avgift.

5. Kan ein laga ei fordelings-matrise mellom bomstasjon og kva strekning som vert finansierte av kva stasjon?

Svar: Dette er ein pakke og ikkje ei samling enkeltprosjekt som skal finansierast av bestemte stasjonar. Det er lagt vekt på at dei som betalar bompengar, får del i den samla nytten av pakken, og ein har forsøkt å unngå at mange får nytte utan å vera med å betala. I Stortingsproposisjonen står mellom anna følgjande:

«Plasseringa av bomstasjonane er vald på grunnlag av ei tenkt inndeling av regionen i fire soner der trafikk mellom sonene berre betalar for ei passering. Interntrafikk i sonene køyrer gratis med unntak av interntrafikken i sone 3 som betalar ved bruk av ny fv 565 på Radøy. Dette opplegget føreset timesregel slik at trafikantane berre betalar bompengar ein gong i løpet av ein time, uavhengig av kor mange bomstasjonar som er passerte.»

6. Har ein vurdert om det er grunnlag for reforhandling av vedtaket om realisering av NHP ref. så store overstigingar og vesentlege endringar i trasear?

Svar: Stortingsvedtaket tar høgde for endringar i kostnadsoverslag, dette løysast ved å tilpassa prosjektporteføljen til den økonomiske ramma. Traseval vert avklart gjennom planprosessar inkl. reguleringsplanar som er utarbeidd eller under utarbeiding.

Det er etablert eit kontaktutval/styringsgruppe som skal styra og koordinera bompengepakken slik som det står i Stortingsproposisjonen:

«Det skal etablerast eit kontaktutval med representantar frå Regionrådet Nordhordland, Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune for styring og koordinering av gjennomføring av Nordhordlandspakken.»

Så lenge kontaktutvalet, slik situasjonen er per i dag, held seg innanfor det som står i Stortingsproposisjonen er det ikkje grunnlag for noko «reforhandling».

7. Bør ein få laga ein uavhengig kvalitetsrapport grunna uklarheit kva konsekvensar overstigingane får?

Svar: HFK (Hordaland fylkeskommune) meiner det ikkje er behov for det. Nordhordlandspakken har vore til ekstern kvalitetssikring (KS2) og Nordhordlandspakken styrast, som nemnt ovanfor, etter prinsipp i vedteken Stortingsproposisjon.

8. Kva planar er det for strekninga Snekkevika til Marås?

Svar: Strekninga er inkludert som opsjon i utlysninga. Når tilbod kjem inn vil kontaktutvalet avklara om ein vil nytta seg av opsjonen, som igjen er avhengig av totalkostnadar og totaløkonomien i pakken. J.fr. prinsippa i Stortingsproposisjonen i forhold til styring av pakken.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags