Nh-redaktøren om debattstoff: Difor har ikkje alle innlegg blitt publisert

Nh-redaktør Trond Roger Nydal forklarar kvifor ikkje alle debattinnlegg har blitt publisert før valet måndag.

Nh-redaktør Trond Roger Nydal forklarar kvifor ikkje alle debattinnlegg har blitt publisert før valet måndag. Foto:

DEL

Til lesarar og debattantar

Avisa Nordhordland har dei siste vekene fått tilsendt store mengder med debattinnlegg i anledning måndagens kommune- og fylkestingval.

Svært mange innlegg er sendt inn på epost, trass i at vi stadig minner om at desse må sendast inn via vår digitale innsendingsløysing for debatt på nordhordland.no.

På grunn av lågare bemanning i redaksjonen enn normalt, og dei journalistiske ressursane det bind opp å lese, sortere, kvalitetssikre og redigere alt debattstoffet, er det ein del innlegg som desverre ikkje har blitt publisert. Det er vi lei oss for.

Vi vil også informere om at vi ikkje publiserer nye debattinnlegg valdagen 9. september. Dei siste debattinnlegga vi publiserer før valet blir søndag 8. september.

Innsendte innlegg som er relevante for publisering også etter valet blir vurdert og kan komme på trykk etter kvart, men vi gir ingen garanti om dette.

Sjølv om det har vore utfordrande å ta unna debattmengdene den siste tida, ønsker vi på ingen måte færre innlegg i framtida. Vi skal vere arena for den lokale debatten i Nordhordland, og vi ønsker at framtidige innlegg blir sendt inn via vår digitale innsendingsløysing og ikkje på epost.

Til slutt vil vi oppmode alle med stemmerett om å nytte den og snakke om verdien av demokrati til komande generasjonar. Takk for stort engasjement i valkampen og godt val til alle veljarar!   

Trond Roger Nydal
Redaktør

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags