Politikarane sitt svar til Bø-foreldrene

Svarar: Ordførar Jon Askeland (Sp) og formannskapet i Radøy har skrive ein felles uttale som svar til asylmottak-kritikarane.

Svarar: Ordførar Jon Askeland (Sp) og formannskapet i Radøy har skrive ein felles uttale som svar til asylmottak-kritikarane.

Artikkelen er over 4 år gammel

Foreldre på Bø har skrive to opne brev til Radøygruppen, Radøy Bemanning og politikarar i Radøy. Formannskapet i Radøy svarar i ein felles uttale som vi publiserer i si heilheit.

DEL

«Formannskapet drøfta saka rundt asylmottak både i møte den 5. november og i dagens møte (12. nov. journ. anm).

Det bør vera rimeleg kjent at det er Staten v/UDI som har fullmaktene og avgjerdene i saka. Kommunen gjer det den er pålagt å gjera som forvaltningsorgan, og bør gjera som interesseaktør for Radøysamfunnet.

LES OGSÅ: Foreldre vil halda huseigar ansvarleg om noko skjer med borna.

Kommunen tek alle moment i saka på største alvor. Det er interne møter og drøftingar på administrativt nivå, og ordførar gjer ei rekkje telefonhenvendingar på grunnlag av innspel frå innbyggjarar og spørsmål me stiller på vegne av radøysamfunnet elles.

Me er trygge på at kommunen handterer saka på beste måte innan rammene som gjeld. Men,- det er uvanleg at ei større sak i lokalsamfunnet skjer utan at kommunen er part, før ein eventuelt vert vertskommune for eit mottak. Slik er spelereglane i situasjonen.

LES OGSÅ: Her er spørsmåla foreldrene krev svar på.

De stiller fleire spørsmål til kommunen. Me viser til at administrasjonen i går sende ut eit orienteringsskriv, som me håpar er oppklarande.

De stiller også spørsmål til politikarane. Svaret er dels gjort ovanfor, men me stiller meir enn gjerne opp på møte m.m..

Me ber spesielt om at de inviterer ordførar til å infor- mera, svara og forklara korleis kommunen vurderer situa- sjonen. Kommunen er her for innbyggjarane, spesielt i krevjande situasjonar som no. Me oppfordrar til å bruka oss tillitsvalde i organiserte former. Det er lettast å møtast til dialog.

Dersom det vert etablert mottak i kommunen, vil det vera heilt naturleg å innby til fleire møte i lokalsamfunnet, m.a samla foreldremøte i FAU-regi, då kan både administrasjon og politikarar koma. Då vil kommunen ha ei vertskapsrolle, som inneber ulike ansvar, som er noko av det de etterspør.

Dette svaret er forfatta av formannskapet i fellesskap i dag, 12. november 2015.»

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags