Medvitslaus etter trafikkulykke i Hillesvåg-krysset

Det var berre ein bil involvert i ulykka i krysset ved Eknes karroseri.

Det var berre ein bil involvert i ulykka i krysset ved Eknes karroseri. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Politiet mistenkjer ruskøyring.

DEL

Ein person vart sendt til Haukeland universitetssjukehus for ein sjekk etter ei ulykke i krysset i Hillesvåg, tysdag kveld.

Det var berre ein bil involvert i ulykka, med ein mann i, men dei fyrste meldingane gjekk ut på at det var ei front mot front-ulykke.

– Og i og med at den lokale patruljen var eit stykke vekke, vart det sendt to patruljar frå Bergen, seier innsatsleiar Kjetil Øyri til avisa Nordhordland.

Når avisa Nordhordland var på staden var hendingsforløpet ukjent for politiet.

– Me må snakka meir med vitner for å få eit klarar bilete på kva som har skjedd, seier han.

Politiet stadfestar at dei mistenkjer køyring i rusa tilstand.,

Bilen låg på sida, rett ved sidan av ein lyktestolpe.

Vitner som avisa Nordhordland snakka med på staden, meinte bilen hadde køyrd inn på E39 frå sidevegen, men dette var ikkje stadfesta.

Det vart og sendt ein luftambulanse til staden, men den reiste igjen, utan å ta med seg nokon.

Vegen var stengt på ulykkesstaden ei tid, men etter rundt 30 minutt, var vegen open for fri ferdsel igjen.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags