Dette er den nye legevaktsjefen i Nordhordland

Kristian Anton Simonsen kjem frå stillinga som avdelingsoverlege på Nordhordland ØHD, og har tidlegare vore fastlege i Knarvik. Frå 1. januar er han Nordhordland sin nye legevaktsjef.

Kristian Anton Simonsen kjem frå stillinga som avdelingsoverlege på Nordhordland ØHD, og har tidlegare vore fastlege i Knarvik. Frå 1. januar er han Nordhordland sin nye legevaktsjef. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Han begynner allereie 1. januar. - Dette vert veldig spanande og utfordrande!

DEL

Det seier den nye legevaktsjefen, Kristian Anton Simonsen, som overtar stafettpinna etter Grethe Fosse.

Grethe Fosse held fram i stillinga som kommunelege i Radøy.

LES OGSÅ: Vurdera å slå saman helsetenester i Masfjorden

Kjenner regionen

Simonsen har vore tilknytt legevakta i Knarvik sidan 2007. Han kjem frå stillinga som avdelingsoverlege på Nordhordland ØHD, og har tidlegare vore fastlege i Knarvik. Han er spesialist i allmennmedisin og har i tillegg ein allmennmedisinsk doktorgrad.

– Eg kjenner regionen, sjukepleiarane, legane og dei andre tilsette på legevakta godt. Den kunnskapen trur eg kan vera med på å gjera meg til ein god leiar, seier Simonsen til Avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Stian valde å vera heilt open om diabetes-sjukdommen

Skal også jobba som lege

Fastlegar frå heile regionen og om lag 30 sjukepleiarar driftar legevakta i Knarvik. Simonsen skal vere fagleg og administrativ leiar, men vil i tillegg gå inn som lege i turnusen på legevakta.

– Eg er veldig glad for at eg også skal vera med i ordinær vakt, slik at eg får jobba med pasientane og vera nær sjukepleiarane. Då får eg kjenna på utfordringane og problema når dei dukkar opp, seier den nye legevaktsjefen.

Ikkje berre på kontor

Simonsen synest det er bra at han ikkje berre skal sitte på eit kontor.

– Det er fint at eg framleis kan vera med på pasientbehandlingar. Då får eg kjenne på forholda i kvardagen, og det trur eg mine medarbeidarar og publikum er tent med – då får dei ein leiar som også fungerer som lege, seier han.

Legevakta er både eit dagtilbod til innbyggjarane i Lindås kommune, og eit interkommunalt samarbeid mellom Gulen, Osterøy, Austrheim, Radøy, Fedje, Lindås, Meland, Masfjorden og Modalen. Den interkommunale legevakta har dagtilbod på kvardagar til seks av dei ni kommunane (Meland, Osterøy og Gulen er ikkje med i denne ordningar). Legevakta driftar også Nordhordland ØHD, et interkommunalt akuttilbod med seks observasjonssenger.

Legevaktene i Noreg fekk felles nummer i haust. Du får framleis svar på dei gamle nummera, men endringa gjer at du berre treng å hugse eitt nummer – uansett kvar du er i Noreg. Det nye nummeret er 116 117.

LES OGSÅ: – Det var ein sjølvfølge å hjelpa

Artikkeltags