Gå til sidens hovedinnhold

Her er TV 2 si nye vêrdame

Artikkelen er over 4 år gammel

Kristina Kvistad Hustad (27) tar over etter Desta Marie Beeder.

Hustad har vore tilsett i TV 2 sidan 2013, og har jobba i ulike redaksjonar som reporter. Det opplyser TV 2 i ei pressemelding, skriv BA.

Ho er frå Sæbø på Sunnmøre, og utdanna journalist frå Høgskulen i Volda. Ho gjekk ut frå skulen i 2013.

– Kristina kjem gjennom ruta som ei sol. Ho er ein flink formidlar, og vi er veldig glade for å ha henne med på laget, seier Eli Kari Gjengedal, vêrsjef i TV 2.

Hustad har inntil nyleg jobba som reporter i blant anna God morgen Norge og God kveld Norge på samme kanal.

– Eg blei heilt mållaus då eg fekk beskjed om at eg var plukka ut til denne jobben. Eg skjønte fort at her var det berre å gripe sjansen og seie ja, med ein gong, sjølv om det er litt skummelt, seier Hustad i pressemeldinga.

Som journalist merka eg etter kvart at eg trivdest godt foran kamera, og når eg no får kombinere dette med vêr, så veit eg at det kjem til å bli kjempespennande. Det er jo noko heilt spesielt med vestlendingar og vêr.

Vêret avgjer nesten alt eg gjer når eg er heime på Sunnmøre. Eg er glad i fjord og fjell, og det store spørsmålet er ofte om regnet og skodda lettar nok til at eg kan våge meg opp på ein fjelltopp. Gråvêret kan eg fortsatt gjere lite med, men frå no av blir det forhåpentlegvis færre bomturar, seier Hustad.

Ho vil bli å sjå på skjermen for første gang onsdag 7. desember.

Kommentarer til denne saken