Avisa Nordhordland aukar opplaget for andre gong på eit år: – Dette er fantastisk kjekt og noko vi har jobba hardt for over tid

Av

– Fantastisk kjekt! Eg må berre takke alle tilsette som gjer ein kjempejobb og ikkje minst alle som vil abonnere på oss, seier Nh-redaktør Trond Roger Nydal.

DEL

Torsdag gjekk Mediebedriftens Landsforening ut med opplagstal for heile avisbransjen. Dette skjer no to gonger i året.

Tala er svært hyggeleg lesing for Avisa Nordhordland, som kjem ut med eit netto totalopplag på 4947 ved utgangen av 2018. Dette er ein vekst på 212 eksemplar frå første halvår.

Opplaget er no det høgste sidan 2014.

Også ved forrige måling for første halvår i fjor hadde Nordhordland vekst. Avisa aukar altså opplaget for andre gong på eit år, totalt med 490 eksemplar det siste året.

– Dette er fantastisk kjekt og noko vi har jobba hardt for over tid. Eg må berre takke alle tilsette som gjer ein kjempejobb kvar dag og ikkje minst alle som vil abonnere på oss og bruke oss som marknadsføringskanal. Vi lovar å gjere vårt beste for at abonnentar og kundar skal vere fornøgde med oss, seier redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal.

Veksten siste halvår er tredje best av samtlege aviser i Hordaland, berre byavisene Bergensavisen og Bergens Tidende aukar meir målt i eksemplar.

– Takk til alle som bidrar

Det er nye digitale abonnentar som gjer at opplaget aukar, og Nydal seier dette om kva dei har i vente:

– Vår ambisjon er å vere ei drivkraft som fremjar heile Nordhordland-regionen. Det skal vi bidra til både gjennom patriotisk og kritisk journalistikk. Tala vi ser no tyder på at vi treff lesarane, og dess fleire abonnentar vi får dess betre avis kan vi forhåpentlegvis lage på sikt, seier Nydal.

Også lesartala viser ein fin vekst. Mediebedriftenes landsforening og TNS Gallup presenterer dei to gonger i året. Dei ferskaste tala viser at avisa Nordhordland aukar frå 11 100 lesarar til 12 000 lesarar av papirutgåva.

Det er mange som bidrar i ei lokalavis og redaktøren takkar alle.

– Denne veksten hadde ikkje vore mogleg utan alle der ute; abonnentane, annonsekundane, lesarane, debattantane, tipsarane og ikkje minst den daglege innsatsen frå dei tilsette og frilansarar. Det er summen av alt dette som blir Avisa Nordhordland. Dessutan er dette ein utruleg flott og spennande region der det skjer mykje på mange frontar, seier Nydal.

Han vil også framheve dei godt etablerte Nh-abonnentane.

– Vi har mange svært trufaste abonnentar, ein del har vore med heilt sidan starten i 1974. Då blir eg rett og slett imponert og audmjuk. Kor mange andre bedrifter i Nordhordland har hatt trufaste kundar i 45 år? Det skal vi som bedrift ha stor respekt for. For mange er avisa utruleg viktig og dagens høgdepunkt, seier Nydal.

På mobiltelefonen kan du no halde deg oppdatert på lokale nyheiter - heile døgnet, heile veka.

På mobiltelefonen kan du no halde deg oppdatert på lokale nyheiter - heile døgnet, heile veka. Foto:

Trur på betre avis

Redaktøren har tru på at både nettavisa og papiravisa skal bli betre framover.

– Vi ønsker å utvikle journalistikken og produkta våre for å bli endå meir relevante for lesarane. Det er ikkje gjort over natta, men vi er inne i ein positiv trend som vi skal bygge vidare på, seier Nydal.

Han håpar å sjå 5000-talet i nær framtid.

– Vi kan ikkje ta noko for gitt, men det er eit naturleg mål å halde fram veksten, og då bør jo 5000-talet vere mogleg å klare - anten ved neste halvårsmåling eller om eit år, seier Nydal.

Avisa Nordhordland er eigd av Amediastiftelsen, som eig 73 lokalaviser Norge rundt. Av desse har 66 aviser opplagsvekst i den siste målinga!

– Amedia sentralt gjer ein kjempejobb for å sørve avisene best mogleg. Å ha eit slikt konsern i ryggen er ein stor fordel i dagens mediebransje, avsluttar Nydal.

Her finn du opplagstala for mediebransjen i Noreg (19/1 er siste måling).

Har du meiningar og vil gje oss innspel på korleis vi kan bli ei endå betre lokalavis for deg? Skriv i kommentarfeltet, send melding på Facebook eller epost til redaksjonen@nordhordland.no eller kom innom oss for ein prat i lokala våre i Knarvik senter!

Artikkeltags