Det kan gje over 400 kroner ekstra i NRK-lisens for folk flest, skriv Dagens Næringsliv.
I ein høyringsuttale til Kulturdepartementet om framtidas mediepolitikk, skriv Mediebedriftenes Landsforening (MBL) at det viktigaste for dei er å få fjerna arbeidsgivaravgifta media betalar til staten i inntil fire år.
Vil staten skal ta rekninga
Fritak frå arbeidsgivaravgifta vil koste mellom 500 og 600 millionar kroner. MBL vil prinsipielt at staten skal ta rekninga.
Ein av moglegheitene foreininga trekker fram er å heve meirverdiavgifta på NRK-lisensen til 25 prosent. MBL påpeikar at ikkje berre vil finansiere fritak for arbeidsgivaravgift, men også dei andre mediepolitiske tiltaka Mediemangfoldsutvalget foreslo.

No er det over og ut for FM-radioen. Men berre fem tunnelar i Nordhordland har DAB-dekning
Dyrare lisens
Forslaget inneber at lisensen blir dyrare for å dekke inn dei 850 millionar kronene som forsvinn frå «NRK-potten».
Om ein skal dekke inn heile beløpet, vil rekninga per lisensbetalar då aukast med 418 kroner årleg.
Kommentarer til denne saken