Medaasprisen til Sigrid Moldestad

Vann medaasprisen: Sigrid Moldestad vert tildelt Medaasprisen på Den Nationale Scene i Bergen måndag 24. oktober.

Vann medaasprisen: Sigrid Moldestad vert tildelt Medaasprisen på Den Nationale Scene i Bergen måndag 24. oktober. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Ho meistrar kombinasjonen av å vere ei sterk scene- og historieformidlar av både tradisjonelt og nyskapande materiale.

DEL

Sigrid Moldestad har sidan solodebuten i 2007, vore ei lysande stjerne på den musikalske himmelen. Ho har sine røter i folkemusikken, skriv på nynorsk og syng på si eiga dialekt.

– Som artist meistrar ho kombinasjonen av å vere ei sterk scene- og historieformidlar av både tradisjonelt og nyskapande materiale, seier leiar i Medaaspriskomiteen, Claus Sellevoll.

Han legg til at han er svært glad over å dela ut Medaasprisen til ein artist med fokus på dialekt, røter og tradisjonar, og som formidlar dette på ein unik måte.

LES OGSÅ: Medaasprisen til DNS

Prisløna «taus»

Moldestad har frå før motteke Spellemansprisen to gongar, først med trioen Gamaltnymalt i 2005 og så med TAUS i 2007. I 2010 vart ho tildelt Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane og kåra til «Årets Folkemusiker».

Det same året tok ho i mot Folkelarm-prisen, før ho i 2012 fekk «Vossajazzprisen og Hilmar Alexandersens musikkpris. I tillegg har ho mellom anna vore med i gruppa Spindel, kabaret-trioen Fjøgl og duoen Lareli med Gabriel Fliflet. «Med si særeigne stemme og sitt kraftfulle felespel er Sigrid Moldestad blitt ei av våre kjæraste folkemusikarar», heiter det i grunngjevinga til juryen.

LES OGSÅ: «Jeg skjønner ikke hva du sier, er det grautmål?».

Feirar folkemusikken

Sigrid Moldestad vert tildelt Medaasprisen på Den Nationale Scene i Bergen måndag 24. oktober, og Sellevoll lovar ein festkonsert av dei sjeldne.

– Moldestad skal mellom anna dela scene med Helge Jordal, Finn Tokvam, Mads Eriksen, Odd Erik Lothe og ei gruppe frå Fargespill, fortel Sellevoll.

Han skal sjølv stå på scena saman med gjengen i Singel & Sand, som er haustsatsinga til Hordaland Teater. Torkjell Børsheim frå dansegruppa Frikar byr på dans til tonane frå Sigrid Moldestad si fele, og det er duka for ein festkveld med folkemusikken i høgsetet. Til å leia det heile er som vanleg Dag Lindebjerg på plass som konferansier.

LES OGSÅ: Medaasprisen til Herborg Kråkevik og Jon Eikemo

I Ivar Medaas si ånd

Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar, som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Prisen vert delt ut under Medaaspriskonserten på Den Nationale Scene måndag 24. oktober 2016.

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og kr 20 000,-

I fjor blei Herborg Kråkevik og Jon Eikemo tildelt prisen.

Artikkeltags