Gå til sidens hovedinnhold

MC-førar omkom i ulykke

Artikkelen er over 6 år gammel

Kollisjon mellom bil og MC ved Lyngfjelltunnelen på Lindås.

Like før klokka åtte meldte politiet på twitter om ein kollisjon mellom bil og MC like ved Lyngfjelltunnelen på Fv 57. Klokka 08.15 bekrefter politiet at MC-føraren omkom i ulykka.

Ulykka skal ha skjedd på nordsida av tunnelen. Det skal ha vore to bilar involvert i ulykka, og begge bilførarane er køyrd til lokal legevakt for kontroll.

Tunnelen er stengd, og det vert organisert omkøyringsvegar. Politiet melder om ein del kø i begge retningar.

Klokka 8.40 melder politiet på twitter at kjørefeltet i sørleg retning vil bli opna, og at det vert manuell dirigering på staden.