Utviklinga er Lindås-landbruket er dyster lesestoff. Berre i løpet av nokre få år er talet på gardsbruk halvert, og fulldyrka areal er redusert dramatisk frå 16.000 til 10.000 dekar.

Lindås-politikarane har medvirka betydeleg til denne utviklinga, meiner Reidar Konglevoll, leiar i Alversund og Seim bondelag.

Overfor folkevalde og byråkratar kjem Konglevoll med ei kraftig åtvaring mot vidare nedbygging av landbruksareal i kommunen.

- Vi treng lokalpolitikarar som tør å sjå lenger enn fire år fram i tid, folkevalde som ser heilskap og langsiktige konsekvensar av dei planar som blir lagt og vedtak som blir gjort.

Det var bondeleiaren si klare melding då han sist torsdag orienterte kommunestyret om situasjonen i Lindås-landbruket. Stikk i strid med intensjonane i landbruksplanen, synest Konglevoll landbruksorganisasjonane i stor grad må opptre som vaktbikkje overfor kommunen.

Eit hav å ta av?

- Vi oppfører oss som vi har eit hav å ta av. Faktum er at berre tre prosent av alt areal er landbruksjord her i landet. Då har vi ikkje råd til å tenkja lettvinte løysingar og økonomiske gevinstar her og no.

- Politikarane må visa handlekraft og tenkja langsiktig for at ikkje all matjord skal bli borte. Jord som ligg brakk kan takast i bruk igjen, men det kan ikkje jorda som er lagt under asfalt, seier Konglevoll.

Han meiner det må vera nok av knausar og berg til byggeland.

Etterlyser jordvern

I dag blir det i stor skala gitt dispensasjonar frå gjeldande kommuneplan, som gir grønt lys for at jordbruksland blir tatt i bruk til andre formål. Konglevoll ber dei folkevalde i Lindås om å ta ansvar for jordvernet, ikkje la det bli nedbygt bit for bit.

- Utruleg nok er det ikkje noko regelverk som sikrar matjorda vår, slik det er for strandsona og det biologiske mangfaldet, seier bondelagsleiaren.

I Lindås er det berre 1,6 dekar jordbruksareal per innbyggar, i landet elles er det 2,2 dekar og i verdssamanheng 2,6 dekar. Konglevoll meiner situasjonen i Lindås bør vera ein kraftig vekkar.

Mongstad lokkar

Gode arbeidsplassar på Mongstad gjer at mange bønder finn seg levebrød i oljeindustrien. Dermed blir gardsbruk liggande brakk, for kanskje i neste omgang å enda opp som bustadland.

– Vi treng ikkje vera kreative i gardsdrifta på same måten som t.d. i indre Hardanger, nettopp fordi vi kan gå til godt betalte jobbar, seier Konglevoll.

Generasjonsskifte på gardane resulterer ofte i nedlegging. Konglevoll håpar kommunen kan gå inn å bry seg aktivt for at nokon skal overta.

– Det kan vera i form av ei økonomisk tilskot, eller rett og slett ved å setja søkjelyset på denne problemstillinga. Det vil vera eit godt signal om at kommunen bryr seg.

Store verdiar

Konglevoll er svært opptatt av at Lindås-politikarane skal sjå på landbruket som ei næring på like linje med andre næringar. I 2003 omsette landbruket i kommunen for 90 millionar kroner i bruttoverdi. I tillegg til arbeidsplassar i landbruket, har svært mange verksemder levebrødet sitt basert på landbruksnæringa.

- Dessutan forvaltar landbruket kulturlandskapet, som igjen skapar verdiar for reiseliv og gir livskvalitet til den enkelte, påpeikar leiaren i Alversund og Seim bondelag.

Han meiner regelverket, blant anna i forhold mva-registeret, er med på å dytta ut dei som frå før er på vippen til å sula opp.

- Samtidig er det viktig å få fram at mange av dei som framleis heng med, driv godt, seier han.

Kan for lite

Lindås-politikarane har stor påverknad for utviklinga i landbruksnæringa i kommunen.

- Stadig færre av dei folkevalde sit med ballast frå landbruket, og difor er det særdeles viktig for oss å nå ut med informasjon, seier han.

I går formidla Reidar Konglevoll sin klare bodskap for eit seminar om arealplanlegging i regi av fylkesmannen og fylkeskommunen.