Ber folk som har vore i området mellom Matre og Stordalen skisenter melde seg til politiet

Politiet vil no komme i kontakt med folk som har vore mellom E39 i Matre og Stordalen skisenter mellom klokka 22.00 15. mai og 01.30 natt til 16. mai.

Politiet vil no komme i kontakt med folk som har vore mellom E39 i Matre og Stordalen skisenter mellom klokka 22.00 15. mai og 01.30 natt til 16. mai. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Vil komme i kontakt med publikum for å etterforske breiare.

DEL

Det er framleis uklart kva som har skjedd då ein mann i 40-åra vart funnen død i grøftekanten på fylkesveg 381 i Stordalen natt til 16. mai.

Politiet meinte først det var snakk om ei sykkelulykke som endte fatalt då den omkomne vart funnen attmed ein sykkel.

18. mai fekk saka ei brå vendig - då politiet gjekk ut med at dei hadde sikta to menn i starten av 20-åra. Politiet meinte bilen deira hadde vore i kontakt med syklisten og at dei to menna hadde forlate han i hjelpelaus tilstand.

Uklart hendingsforløp

Men saka skulle få nok ei brå vending. Då menna skulle framstillast for varetektsfengsling i Bergen tingrett fredag, snudde politiet og begjærte dei lauslatne like før dommaren skulle avseie rettsavgjerda.

Politiet viste då til at dei hadde nye mobildata som svekte mistanken mot dei vesentleg. Siktinga mot dei to vart likevel oppretthalden, ifølge politiet på grunn av rettigheitene dei skal ha under etterforsking.

Onsdag denne veka fekk politiet den førebelse obduksjonsrapporten. Ut i frå den er det ingenting som tyder på at den avdøde vart påkøyrd.

– Politiet har framleis ikkje fått klarheit i det nærmare hendingsforløpet som leia til avdødes bortgang natt til 16. mai 2018. Det er gjort fleire etterforskingsskritt i saka, herunder vitneavhør, tekniske undersøkingar og obduksjon og fleire er planlagt. Det er så langt ikkje avklart om det er tale om eit reint ulykkestilfelle eller om det har skjedd ei straffbar handling, skriv politiadvokat i Vest politidistrikt, Kjetil Tomren i ei pressemelding.

Ber publikum om hjelp

Politiet ser på saka som alvorleg grunna den tragiske utgangen og saka blir etterforska både med omsyn til eventuelle straffbare forhold og for å kunne gje pårørande betre svar om kva som skjedde.

I den samanheng ber politiet no om at folk som var i området melder seg.

– Det er på noverande tidspunkt i etterforskinga prioritert å få avklart om det er fleire enn dei politiet allereie har snakka med som var i området den aktuelle natta. Det er interessant for politiet kva observasjonar desse eventuelt har gjort, og det gjeld både om dei har sett noko eller ikkje sett noko spesielt. Bakgrunnen for dette er at politiet ønsker å kartlegge avdødes bevegelsar og eventuelle andre sine bevegelsar denne natta, seier Tomren.




Dei som var i området mellom E39 i Matre og Stordalen Skisenter på Fv. 381 i tidsrommet 15. mai til 16. mai mellom klokka 22.00 og 01.30 blir difor bedne om å melde seg til poltiet.

Det er Nordhordland lensmannsdistrikt som etterforskar saka. Ein kan kontakte politiet på epost epost.nordhordland@politiet.no eller telefon 99151751.

Dette var den første saka:









Artikkeltags