Politiet mistenker at brannen er påsett

MISTENKER AT BRANNEN ER PÅSETT: – Ut frå informasjonen vi har foreløpig, ser det ut som brannen er påsett. Vi held likevel alle moglegheiter opne, seier politibetjent Sveinung Mjanger.

MISTENKER AT BRANNEN ER PÅSETT: – Ut frå informasjonen vi har foreløpig, ser det ut som brannen er påsett. Vi held likevel alle moglegheiter opne, seier politibetjent Sveinung Mjanger.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Natt til lørdag måtte brannvesenet køyra til Risnes-kaien i all hast. Der stod to glaskonteinarar i full fyr.

DEL

Gulen, Masfjorden og Solund lensmannsdistrikt fekk meldinga like over midnatt lørdag.
Mandag var politiet igjen på plassen for å gjera nødvendige undersøkingar.


– Det var to NGIR-konteinarar for glas, hermetikk og metall som brann opp, fortel politi- betent i Gulen, Masfjorden og Solund lensmannsdistrikt, Sveinung Mjanger til Avisa Nordhordland.
 

LES OGSÅ: Kvinne (46) omkom

Starta i papirboss

Mjanger fortel at brannen starta i ein plastdunk for papirboss, som stod like ved dei to konteinarane.


– Vi mistenker at brannen er påsett. Ut frå informasjonen vi har førebels, ser det slik ut. Vi held likevel alle moglegheiter opne, og skal fortsetta med å undersøka saka, seier han.


Politiet ber publikum om tips.
– Viss nokon har vore vitne til brannen, eller sett noko eller nokon i området på dette tidspunktet, ber vi om at dei tar kontakt med oss, seier politibetenten.
 


LES OGSÅ Ny brannbil på plass

Svartsvidde

Dei to konteinarane, som ikkje stod langt frå kaien i Strømsvik, vart nesten heilt nedbrende, og står no att, svartsvidde.
– Det er framleis litt att av konteinarane, men ikkje mykje. Dei er heilt øydelagde, fortel Mjanger.


Politiet håper at vidare etterforsking kan føra til eit svar på kva som har hendt.
– Viss brannen ikkje vart påsett, må vi må avkrefta dette, seier politibetjenten.

 

– Gutestrekar?

Nh-tipsar, Willy Borge er skeptisk til at brannen skulle ha starta av seg sjølv.
– Ein ting er sikkert, glas og metall sjølvantenner ikkje, seier han.


– Eg er usikker på om dette er gutestrekar eller «vaksen sjuk humor», seier Borge vidare.

LES OGSÅ: Fritidshus brann ned til grunnen på Fedje i natt

Artikkeltags