Gå til sidens hovedinnhold

Brannvesenet rykker ut til Havbruksstasjonen på Matre

Artikkelen er over 4 år gammel

Det er meldt om røykutvikling på Havbruksstasjonen på Matre og brannvesenet har no rykka ut dit.

Det melder 110-sentralen på Twitter.

Årsaken er ein brann i eit sikringsskåp på eit kontor i bygget.

Det skal ikkje vera opne flammer på staden, men brannvesenet melder at det er masse røyk i bygget.

Røykdykkarar er sendt inn, men det skal ikkje vera snakk om nokre personskader, melder operasjonssentralen ved Vest politidistrikt på Twitter.

 

Saka vert oppdatert.

TIPS OSSTLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Kommentarer til denne saken