«La ikke noen som ga opp drømmen sin snakke deg fra å gå etter din drøm», står det på Arvid si facebook-side.

Draumen hans no er å klatra K2, som med sine 8611 meter er verdas nest høgaste fjell.

Fredag 19. juni forlet Arvid heimen i Masfjorden med kurs for Islamabad i Pakistan.

I lag med ein ekspedisjon på rundt 10 personar, deriblant ei frå Canada og ein frå Frankrike som han har klatra med tidlegare, skal ha førebu seg på den krevjande klatringa.

Solid erfaring

57-åringen har tidlegare klatra Mount Everest to gonger - både frå Nepal og Tibet. Han har og klatra Ama Dablam og Makalu i Nepal, og no er han altså klar for å prøva seg på K2.

– Ja, eg har rota meg borti eit prosjekt. Canadiske Monique Richard som eg har klarta med fleire gonger, er veldig ivrig, seier han. På facebook-sida hans kan ein lesa at dei to hadde klatra 13 fjell i lag dei siste to åra.

Arvid reknar ikkje med at hans ekspedisjon vert den einaste på K2 i sommar.

– Det verkar som om mange er på K2 på grunn av jordskjelva i Nepal, og det er folk som spekulerer i om K2 blir det nye Everest. K2 er det store fjellet blant klartrarar, seier han.

Sikkerheita først

Den sindige masfjordingen seier dei kjem til å gjera eit forsøk på å nå toppen, men på ein sikker måte.

– Vi stoppar om ikkje forholda ligg til rette. Dei fleste som kjem opp, har prøvd både to og tre gonger. Det var på K2 Cecilie Skog mista mannen sin, og ho er den einaste norske som har vore der, seier han.

– Kva er det som driv deg?

– Eit kikk ein har fått i blodet.

– K2 vert av mange rekna som verdas farlegaste fjell. Kva tenkjer du om det?

– Eg har fått litt erfaring etterkvart. På K2 brukar ein fast tau, og fjellet er ikkje så mykje verre teknisk sett enn dei eg har prøvd tidlegare, mellom anna eit fjell i Peru, der vi ikkje hadde fast tau. Det som er verst, er usikkerheita rundt vêr og snøforhold, seier han og legg til at dette kanskje vert siste ekspedisjonen av denne typen.

- Eg er så gamal no, seier han. Men når vi minner på at det har han sagt før, så legg han til, at han likar meistringskjensla som fjellklatringa gir.

Fredag morgon flyr Arvid til Islamabad, hovudstaden i Pakistan. Etter nokre dagar der går turen vidare, truleg først med buss og så til fots mot Base Camp, som dei reknar med å nå etter ei vekes gange. Der vert dei liggjande ein månad, før dei startar på toppturen.

- Toppforsøket er planlagt i månadsskiftet juli- august. Då er det best vêr der. K2 har aldri vore bestige om vinteren, og snøforholda er det som oftast stoppar ekspedisjonane. I fjor var den mest vellukka ekspedisjonen der, og eg håpar forholda er like bra i år, seier Arvid. Og legg til at usikkerheita i det urolege landet er nesten like ille som sjølve klatringa.