Det handlar om å skapa sunne matvanar heilt frå starten av.

Når du går i butikken og handlar, kor ofte tek du deg tid til å lesa varedeklarasjonen som viser kva produktet inneheld?

– Eg har iallfall ikkje vore flink nok til det. Men no skal det bli annleis, seier Marianne Knudsen.

LES OGSÅ: Cato gafla i seg over 100 kilo kjøttdeig årleg

Ho er ein av fire personar som nyleg sette seg på «skulebenken» for å læra meir om maten som vi til dagleg omgir oss med.

Overvekt og fedme

For det er eit faktum at overvekt og fedme hjå norske barn aukar. Meland er i så måte ikkje noko unnatak.

Så stort er problemet blitt at ein har måtta innføra veging og måling av skulelevar att, slik ein gjorde for ein god del år sidan.

– Vi har drive med måling og veging av elevane i to år no. Først i tredje og seinare i åttande klasse, opplyser helsesøster i Meland, Tove Wiig Aadland.

LES OGSÅ: Matglade kokkekameratar

– Grunnen til vektauken blant barn og unge er todelt. For det første driv ein ikkje lenger med fysisk aktivitet i samme grad som før. Og ferdigmaten ein får kjøpt i butikkane, er heller ikkje særleg gunstig i høve til kva som er sunt for kroppen, seier Wiig Aadland.

Bra Mat-kurs

Det er foreldra sin jobb å passa på at barna får sunne og gode livsvanar, og for å hjelpa foreldra på veg, arrangerte helsesøster eit Bra Mat-kurs, som er utvikla av Helsedirektoratet.

– I denne omgang gjekk vi ut til foreldre med barn i den aktuelle målgruppa. Det kom berre fire personar, men vi meinte innhaldet i kurset var så viktig at vi bestemte oss for å køyra kurset likevel.

LES OGSÅ: «Pølsebanden» slo til igjen

Med ein kommuneøkonomi som også er på slankekur, kan helsesøster berre håpa på nye kurs.

– Behovet er der. Får vi til fleire kurs, kjem vi til å gå breiare ut til publikum, seier Wiig Aadland.

Nye matvanar

Marianne Knudsen angrar ikkje eit sekund på at ho melde seg på, for etter fem kveldar på to timar kvar, har innkjøp- og matvanane endra seg i heimen.

– Når eg no handlar, les eg alltid på varedeklarasjonane. Eg har oppdaga at dei sunne varene ikkje er dei vi trudde, seier ho.

LES OGSÅ: Mettar bymann og stril med Kraftspel-kost

Som eit døme trekkjer ho fram youghurt. Marianne har alltid høyrt at det skal vera sunt og godt, men når ein les kor mykje sukker youghurten inneheld, er den likevel ikkje så sunn.

– Faktisk føler eg meg lurt av inntrykket som marknadsføringa gir, seier ho.

Salt- og sukkerfeller

Når ho no kikkar i butikkhyllene, har ho fokus på at innhaldet av salt og sukker ikkje er for høgt.

– Karbonader er mykje sunnare når du lagar dei frå grunnen av i staden for å bruka ferdigkjøpte. Og det tek heller ikkje mykje lenger tid, seier Marianne.

Pasta og ris har ho no bytta ut med fullkornsvariantar, og det med godt hell.

Begeistra barn

Med fem barn i alderen 4-13 år, var ho spent på korleis det nye kosthaldet ville slå ut.

– Best av alt er at dei likar maten, seier Marianne. Då ho tidlegare vurderte å senda med dei frukt og grønt i matpakka, droppa ho det, fordi ho trudde dei likevel ikkje åt det.

LES OGSÅ: Slankekrigen har starta

– No sender eg med, og dei er begeistra, slår Marianne fast. Å læra om kva maten eigentleg innheld, seier ho har vore interessant. Etter eit slikt kurs hadde ho ingen problem meg å ta kunnskapen med seg inn i kvardagen.

Tove Wiig Aadland seier at det skal kunnskap til for å forstå kva som eigentleg står på varedeklarasjonane.

­– Når ein veit kva ein treng for å få eit sunt og godt kosthald, vil ein oppdaga at butikkane faktisk har mykje sunn og god mat, seier Wiig Aadland.

LES OGSÅ: Kokkelaget jaktar Fedje-oppskrifter