Mann sikta for å ha tatt nakenbilde av unge gutar

ETTERFORSKAR: - Vi jobbar med å finna ut omfanget av dette, og kor lenge det har pågått. Vi veit ein del, men det er enno tidleg i etterforskinga, så det kan vera tilfelle vi ikkje veit om, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg.   ARKIVFOTO

ETTERFORSKAR: - Vi jobbar med å finna ut omfanget av dette, og kor lenge det har pågått. Vi veit ein del, men det er enno tidleg i etterforskinga, så det kan vera tilfelle vi ikkje veit om, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg. ARKIVFOTO

Artikkelen er over 6 år gammel

Ein mann i midten av 30-åra har vedkjent at han over tid har tatt bilde med barnepornografisk innhald av unge gutar i Nordhordland. Som motyting har ungdommane fått tobakk og snus.

DEL

– Eg kan bekrefta at vi har ei slik sak under etterforsking, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland politidistrikt. Den sikta mannen er i midten av 30-åra og jobbar i Knarvik. Politiet seier mannen har kome i kontakt med gutane på arbeidsplassen.

– Vi fekk denne saka på bordet torsdag ettermiddag. Vedkommande har vore inne til avhøyr, og vi har gjort beslag av det som kan vera aktuell dokumentasjon i saka, seier han. Politiet har gjort beslag i mellom anna bilde og datautstyr.

I avhøyra har sikta vedkjent at han over tid har tatt bilde av umyndige gutar i 15-16-årsalderen. Som motyting for dette skal ungdommane ha fått pengar, snus og tobakk.

Mannen vart dimmitert etter avhøyr, og er ikkje begjært varetektsfengsla.

– I og med at han har lagt alle korta på bordet vurderer vi faren for gjentaking som liten, seier Vangberg. Saka vert no etterforska.

– Vi jobbar med å finna ut omfanget av dette, og kor lenge det har pågått. Vi veit ein del, men det er enno tidleg i etterforskinga, så det kan vera tilfelle vi ikkje veit om, seier Vangberg.

Han oppfordrar foreldra og ungdom som kan ha vore utsett for dette til å ta kontakt med politiet.

– Det er viktig for oss å få kartlagt kor omfattande saka er, seier Vangberg, som ikkje vil gi ytterlegare kommentarar om omfanget på dette tidspunktet.

Artikkeltags