Eigaren frykta hunden skulle døy av fyrverkeri-angst. No er «La Vida» død: – Var alvorleg sjuk, seier veterinæren

Artikkelen er over 1 år gammel

Gordon setteren La Vida døydde torsdag. Veterinæren seier hunden var alvorleg sjuk, men at hundar med angst er eit kjempeproblem kvar nyttårsaftan. Han utelukkar ikkje at angst kan ha framskunda sjukdomsprosessen hos La Vida.