«Manger skulemusikklag vil alltid vera i mitt hjarte»

Em-VINNARAR: Manger Skulemusikklag har vunne EM to gongar – i 1990 og 2014. Her er Manger Skulemusikklag då dei vant EM i Perth (Skotland) i 2014. FOTO: PRIVAT

Em-VINNARAR: Manger Skulemusikklag har vunne EM to gongar – i 1990 og 2014. Her er Manger Skulemusikklag då dei vant EM i Perth (Skotland) i 2014. FOTO: PRIVAT

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Det å spela i korps er utviklande for heile mennesket.

DEL

Det seier Jarnfrid Gunnarson, ho jobbar i Kulturskulen på Manger og driv også med aspirantopplæring i korpset. Ho har tre born, som alle har spelt i Manger Skulemusikklag.

Lærer born om livet

– Det å følga korpset har vore både fantastisk og sosialt. Det å vera med i eit slikt samspel, lytta til kvarandre, ta omsyn og ta vare på kvarandre lærer born mykje om livet, seier Gunnarson, som har vore involvert i fleire ulike roller i korpset sidan midten av 90-talet.

I år feira Manger Skulemusikklag 50 år. Dei vart stifta 13. oktober 1965. 17. oktober skal dei ha ein jubileumskonsert i Radøyhallen.

– Det vil verta mimring og ein flott konsert, seier Gunnarson, som skal halda ein festtale under feiringa.

LES OGSÅ: Eit poeng bak vinnaren: Manger på 2.plass i skulekorps-NM

Har opplevd mykje

På sine 50 år har musikantane i Manger Skulemusikklag opplevd mykje. Gunnarson trekk fram siger i EM som to av høgdepunkta; i 1990 og 2014.

I ACTION: Her er Manger Skulemusikklag på scena under NM i Stavanger i 2013. Dei gjekk heilt til topps i 1.div Brass.ARKIVFOTO

I ACTION: Her er Manger Skulemusikklag på scena under NM i Stavanger i 2013. Dei gjekk heilt til topps i 1.div Brass.ARKIVFOTO

– Det er fantastisk berre det! I tillegg har vi vunne NM meir enn 15 gongar.

LES OGSÅ: – Beste musikalske prestasjon så lenge eg har vore med!

Spelte for 100.000

Ho trekk òg fram alle turane korpset har vore på, og då spesielt turen til Shanghai, kor dei spelte på Expo-2010.

– Då spelte vi for 100.000 menneske då korpset marsjerte opp gatene, fortel ho.

Tur til Kina: I 2010 reiste Manger Skulemusikklag med følge til Shanghai for å spele på Expo-2010. foto: privat

Tur til Kina: I 2010 reiste Manger Skulemusikklag med følge til Shanghai for å spele på Expo-2010. foto: privat

– Det sosiale har alltid vore utruleg bra i Manger Musikklag – på tvers av alder. Dei eldste tar vare på dei yngste, og også dirigentane har tatt del i den sosiale biten. Dette har bidratt til at miljøet i korpset er så unikt som det er.

Ho skryt også av foreldra.

– Dei er fantastiske, og stiller alltid opp, seier Gunnarson.

Artikkeltags