Manar til strilekrig

Artikkelen er over 8 år gammel

Folkeaksjonen mot Luftspenn.

DEL

Raude drakar rundt om i fylket skal mana folket til strid mot luftspenn. Søndag vart ein ny drake reist på Flatøy.

- Dette handlar om alle luftspenn, men først og fremst om det planlagde kraftspennet mellom Mongstad og Kollsnes. Vårt krav er framleis at kraftlinja skal i jord, seier radværingen Knut M. Haugland i Folkeaksjonen mot Luftspenn til Nh.

Han meiner at prisane BKK opererer med i forhold til bakkekabel ikkje held mål.

- Dei har sagt at det kostar 8000 kroner per løpemeter med kabel. Kvar dei har denne summen frå anar eg ikkje, men den er i alle fall ikkje riktig. I velferdsstaten Norge har vi råd til å legga straumkablar i jord eller sjø, seier han.

- Kan ikkje halda på slik

Folkeaksjonen mot Luftspenn har allereie sett opp store, raude tredrakar fleire stader på Radøy. Søndag fekk altså Meland sin første drake, godt synleg frå E39.

- Draken er eit symbol på den store krafta, i dette tilfellet Stortinget, BKK og NVE. Vitsen er å få grepet om draken. Å kontrollera desse kreftene.

- Vi ønskjer at kreftene til Stortinget, BKK og NVE skal brukast til folket sitt beste, seier Roger Gjerstad, si anna eldsjel i folkeaksjonen, som i følgje Knut M. Haugland har brei støtte dei aller fleste stader.

- Alle ein snakkar med skjønar at det ikkje går an å halda på slik. Luftspenn bør ikkje ein gong vera eit alternativ, seier han til Nh.

- Ei sak å kjempa for

Drakeaksjonen kjem no til å halda fram austover. Kor langt aust dei skal er enno ikkje avgjort

- Dette er den sjette draken vi set opp, og vi kjem til å halda oss synlege. Vi manar no til strilekrig. Dette er ei sak vi alle må kjempa for, seier Roger Gjerstad.

Les meir i Nh onsdag og lørdag...

Artikkeltags