Målpris til Sparebanken Vest

Artikkelen er over 14 år gammel

Kundane i Sparebanken Vest kan få både kontoutskrifter og låneinformasjon på nynorsk. No har banken fått målprisen frå Hordaland Mållag for den sterke nynorskbruken sin.

DEL

Målprisen vart delt ut på mållaget sitt årsmøte i Norheimsund i helga. Det var viseadministrerande direktør Elin Sjødin Drange som tok i mot prisen på vegne av Sparebanken Vest. I si takketala la ho vekt på at banken, etter omorganiseringa til sjølvstendig regionbank, står fast ved å tilby nynorsk- materiell til dei kundane og filialane som ynskjer det.

Takka Sparebanken Vest

Banken får prisen for å halda oppe eit godt tilbod av skriv og informasjonsmateriell på nynorsk både i bankfilialane og i brev til kundane. Mållaget gav og honnør til det arbeidet banken har gjort for å setja ein framtidig vestlandsregion under debatt.

– Vi vil takka Sparebanken Vest for at dei som ein sjølvstendig regionbank for Vestlandet framleis viser vilje til å gje nynorsken eit stort rom, sa Skjæveland. Han la til at mållaget ynskjer at kultur, språk og identitet får ein stor plass i dei framtidige drøftingane om vestlandsregionen, og at banken vil gjera sitt til at nynorsken får ein framskoten plass i dette arbeidet.

Påskjøning

Hordaland mållag delar kvart år ut ein målpris til verksemder, organisasjonar eller privatpersonar som på ein særleg måte gjer ein innsats for å ta i bruk og utbreia nynorsk mål.

– Prisen er både ei påskjøning for det som er gjort og ei oppmoding om framtidig innsats, seier leiar i Hordaland Mållag, Øystein Skjæveland. Tidlegare har prisen mellom anna gått til NRK Hordaland, BNR, Kari og Ivar Medaas, Universitetet i Bergen og Drageset Super Spar.

Artikkeltags