Målpris til harding med skilt

Artikkelen er over 11 år gammel

Arne Johannessen i Politiets Felleforbund bruker alltid nynorsk i både skrift og tale. For dette fekk han i helga Hordaland Mållag sin målpris.

DEL

- Det er ei stor glede for Hordaland Mållag å dela ut årets målpris til Arne Johannessen i Politiets Fellesforbund. Dette er ein mann som på framifrå vis nyttar nynorsk i alle samanhengar i arbeidet sitt, og med det syner at dette språket er ein glimrande retorisk reiskap og eit smidig verktøy med gjennomslag i alle lag av folket. Arne Johannessen både talar og skriv nynorsk med kraft, engasjement og overtyding. Som landskjend og høgt respektert forbundsleiar er han ein av nynorsken sine aller beste representantar, seier leiar i Hordaland Mållag, Einar Ådland, som også delte ut prisen.

- Fell naturleg

Johannessen sjølv hadde små problem med å innrømma at prisen kom overraskande på han.

- Det vert litt unaturleg at eg skal få ein pris for noko eg gjer kvar dag. Eg er jo harding, så det er naturleg at eg nyttar nynorsk. Men det er sjølvsagt veldig hyggjeleg, og eg er grådig stolt over å få denne utmerkinga, seier Johannessen.

Heilt sidan 1990 har Johannessen skrive leiarar og lesarinnlegg på nynorsk, og han kan fortelja at han enno har til gode å få ein negativ tilbakemelding på dette.

- Eg vil også nytta høvet til å takka mållaget for fantastisk flott innsats. Eg er glad for at vi har eit mållag, og de må stå på vidare, seier han.

Artikkeltags