Målblomen til ungdomslaget

FEKK MÅLBLOMEN: Lindås Ungdomslag, her representert ved Håvard Vagstad (i midten) og Jan Arild Lindaas, fekk onsdag kveld Målblomen 2007 av Anna K. Valle og Lindås Mållag.

FEKK MÅLBLOMEN: Lindås Ungdomslag, her representert ved Håvard Vagstad (i midten) og Jan Arild Lindaas, fekk onsdag kveld Målblomen 2007 av Anna K. Valle og Lindås Mållag.

Artikkelen er over 9 år gammel

- Utruleg artig, synest ungdomslaget.

DEL

Lindås Ungdomslag (LUL) er tildelt Lindås Mållag sin målblome. – Utruleg artig, seier Håvard Vagstad og Jan Arild Lindaas i ungdomslaget.

Det var i forkant av årsmøtet til Lindås Mållag at Målblomen 2007 vart delt ut. Dersom du lurar på kvifor prisen for 2007 vart delt ut i mai 2008, har det si naturlege forklaring: Årets årsmøte kjem nemleg ein tanke seinare enn det som er vanleg.

Målblomen til Lindås Mållag vert delt ut til personar, lag eller organisasjonar som brukar nynorsken i sitt daglege virke. Det gjer Lindås Ungdomslag til gangs.

- Vi synest det er veldig flott at de i Lindås Ungdomslag brukar målforma. Mykje av teateret de lagar går på nynorsk, og de har også ei heimeside som stort sett er nynorsk. Dette er vi i mållaget glade for, seier mållagsleiar Anna K. Valle.

- Veldig kjekt

Ho understrekar at Lindås Mållag synest ungdomslaget i bygda gjer eit veldig viktig arbeid.

- Vi håpar denne prisen vil inspirera til å halda fram i den gode stilen, seier Valle.

Lindås Ungdomslag sine representantar på årsmøtet, Håvard Vagstad og Jan Arild Lindaas, kan fortelja at ein slik pris er veldig inspirerande.

- Vi prøver å bruka nynorsken så mykje vi kan, og det er veldig kjekt at folk legg merke til det, og set pris på arbeidet, seier Vagstad.

Han kan vidare opplysa om at nesten alle slår om til nynorsk straks dei står på scena.

- Det er utruleg merkeleg, for det er omtrent ikkje ein ungdom i bygda som ikkje har påverknad frå bergensdialekt i språket sitt. Men straks dei står framfor publikum, snakkar dei kav nynorsk nesten alle, seier han.

Snart revy igjen

Lindås Ungdomslag har i dag om lag 115 medlemmar, fordelt på fire grupper. Dette talet har lagt stabilt dei siste åra, men den kjønnsmessige fordelinga har forandra seg mykje i løpet av det same tidsrommet. I dag er det om lag 20 prosent gutar og 80 prosent jenter med i laget.

- Dette byr på utfordringar når vi skal setja opp stykke, men så langt har det gått bra, seier Jan Arild Lindaas, som sjølv jobbar mest i kulissene.

Lindås Ungdomslag er for tida svært opptatt. Det nærmar seg nemleg 17. mai, og gjengen øver natt og dag for å koma i mål med oppsetjinga ”Revylusjon”.

- Det er tradisjon med revy på 17. mai, og det vert revy også i år, seier Vagstad.

Artikkeltags