Må ha eksperthjelp for å fiksa MF «Fedjefjord»

UTE: MF «Fedjefjord» slit med systema, og er ute på ubestemt tid.

UTE: MF «Fedjefjord» slit med systema, og er ute på ubestemt tid. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

MF «Fedjefjord» har hatt tekniske problem, men no er reserveferja snart på plass.

DEL

Ferja mellom Sævrøy og Fedje vart innstilt frå 09.20-avgangen og inntil vidare, tysdag.

Årsaka er tekniske problem som kjem og gjeng med ferja.

– Me slit med styringa i eine enden, seier regionsjef for ferjene i Norled, Inge Andre Utåker til avisa Nordhordland.

– Det er ein feil som kjem og går. Me har hatt eksperthjelp fleire gonger for å sjå på problemet, men me klarar ikkje å finna ut av det, seier han.

I det siste har feilen kome oftare og oftare.

– Ei stund trudde me at me visste kva det var, og skifta ei pumpe i kvar ende av ferja. Men så kom feilen tilbake, seier han.

No kjem det difor eksperthjelp frå produsenten, for å sjå på feilen. Vedkomande skal vera på plass onsdag ettermiddag.

– Kor lenge vil «Fedjefjord» vera ute av drift no?

– Den som visste det du.. No set me inn ei reserveferje, så då kan me driva på ei stund og feilsøka, seier han.

Utåker seier dei må ta seg god tid, når dei fyrst har eksperthjelpa på plass.

Frå klokka 21.20, tysdag kveld, vil reserveferja vera på plass i sambandet. Ferja som kjem inn i sambandet er MF «Strand» og har plass til 75 bilar, mot berre 42 på «Fedjefjord». Ferja går til dagleg på strekka Skjersholmane - Ranavik.

Også på laurdag og sundag var «Fedjefjord» ute av drift. Det var same årsaken som var problemet. Seinare i haust skal ferja nok ein gong gå ut av ruteproduksjonen, då på årleg vedlikehald. Nordled har sett på moglegheiten for å få gjort det no, når ferja alt er ute.

– Men det får me truleg ikkje til, seier Utåker.

«Fedjefjord» skal difor vekk frå sambandet i september, då og er det «Strand» som tek over.

Artikkeltags