Lysbakken åtvarar Lindås mot å privatisera

Audun Lysbakken og hovudtillitsvald Jarle Næss åtvarar mot konkurranseutsetjing i kommunen. Dei vil heller ta dei tilsette med i dialog, for å gje dei tilsette meir tid og meir tillit til å skapa meir og betre tenester for innbyggarane.

Audun Lysbakken og hovudtillitsvald Jarle Næss åtvarar mot konkurranseutsetjing i kommunen. Dei vil heller ta dei tilsette med i dialog, for å gje dei tilsette meir tid og meir tillit til å skapa meir og betre tenester for innbyggarane. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Lindås kommune må spara pengar dei neste åra, og skal vurdera å konkurranseutsetja fleire av tenestene sine. Det åtvarar SV-leiar Audun Lysbakken kraftig mot.

DEL

– Det kan fort verta eit problem for Lindås-samfunnet, seier parlamentarisk leiar i Sosialistisk venstreparti, Audun Lysbakken.

– Om reinhaldet eller eldreomsorga ikkje vert god nok, vil det verta eit problem for Lindåssamfunnet. Og det vil verta dyrt for folk som tener dette samfunnet og kanskje vil få ein dårlegare pensjon. Så eg vil oppmoda sterkt om å finna andre løysingar, seier Lysbakken til avisa Nordhordland.

– Mindre tid til å gjera jobben

Han var onsdag denne veka på besøk i Lindås og Meland kommunar for å få ei oppdatering på stoda, og for å snakka om ei tillitsreform som SV vil innføra, der dei seier nei til stoppeklokke-bruken og skjemaveldet i offentleg sektor.

LES OGSÅ: Nye kostar tek over i Meland

– Eg hadde møte med reinhaldarar i Meland før i dag og på Stord i går som opplever mindre tid til å gjera jobben sin og kutt i pensjonar og så vidare. Det har vore ein diskusjon i mange kommunar i Hordaland om konkurranseutsetjing av eldreomsorg, som gjer at eg fryktar både for kvaliteten for tenestene til innbyggarane og behandlinga av nokre av dei som skal gjera dei viktigaste jobbane, seier Lysbakken.

– Meir utrygt arbeidsliv

Han seier at han vil stoppa konkurranseutsetjingsbølga og hindra at den breier om seg i Nordhordland og.

– Det er inga forsking som tyder på at det er rett at konkurranseutsetjing fører til betre kvalitet. Det fører til eit meir utrygt arbeidsliv, der folk er meir utrygge på stillinga si, dårlegare pensjonar og mindre innverknad på sin eigen arbeidskvardag, hevdar han.

Lysbakken viser til kommunar som Os og Austevoll som har vore utstillingsvindauge for privati-sering.

– Os har byrja å snu no, og har lite som er konkurranseutsett, for det er lite å spara på det, peikar han på.

LES OGSÅ: Demonstrerte mot konkurranseutsetjing av reinhaldet

Han viser og til eit skrekkens døme frå Austevoll.

– Der bestemte dei seg for å konkurranseutsetja reinhaldet. Etter nokre månader fekk dei gjort undersøking av kor reint det var, og det var under ein kvar kritikk. Då kommunen gav beskjed om at selskapet måtte gjera ein betre jobb, trakk selskapet seg og dei tilsette fekk SMS på julaftan om at dei hadde mista jobben sin. Det viser kva slags arbeidsliv ein får, det er eit veldig utrygt arbeidsliv og ein dårleg måte å behandla folk på, seier Lysbakken.

– Ikkje alt er genialt

– Vi vil laga ein tillitsreform for offentleg sektor, som skal gje dei tilsette meir tid og meir tillit til å skapa meir og betre tenester for innbyggarane, seier han.

Han seier at dagens offentlege sektor er prega av for mykje detaljstyring, papir og skjema og måling og veging som gjer at ein tek frå mange tilsette tida og makta over eige arbeid, som dei kunne brukt til å skapa betre tenester.

LES OGSÅ: Vil ha dei gamle på anbod

Difor oppmodar han Lindås kommune til å gå nøye gjennom og sjå kva som er av unødvendig kontroll og detaljstyring og rapportering, som gjer at dei tilsette vert sitjande for mykje med papir og for lite med pasientar og elevar.

– Det er jo absolutt ikkje alltid slik at kommunane gjer alt på ein genial måte. Difor meiner eg at det er viktig at politikarane gjer som vi gjer no, set seg ned med dei tilsette og får opp dei gode ideane. For då kan vi ofte styra offentleg sektor på ein betre måte. Det meiner eg er nøkkelen, seier han.

Jarle Næss er hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Lindås. Han seier dei saknar meir tid til å gjera kjerneoppgåvene sine.

Stoppeklokkeregimer

– Vi har mange krav på oss til dokumentasjon på elevundersøkingar, foreldreunder-søkingar, medarbeidartilfredsheitsundersøkingar, karakterstatistikk, det kjem pålegg frå kommunen, fylkesmann, det kjem endringar på eksamensgjennomføringar. Dette er ting vi må setja oss inn i, seier han.

– Det fører til at vi får urolege dagar der vi ikkje får fokus på det daglege, gode arbeidet opp mot elevane som vi gjerne skulle sett, peikar han på.

LES OGSÅ: Må kutta millionar – reiser på kurs på luksushotell

Han vil ha ein jobb der han vert vist tillit og der sunn fornuft får rå.

–?Og ikkje berre stoppeklokkeregimer, seier han.

Artikkeltags