Alt dette fann Nikolai, Tobias og Torvald i fjøra

Tobias Bore Førland (12), Nikolai André Gaustad (14) og Torvald Sundin Vikane (13) synest folk bør ta til vet og slutte å kaste boss i naturen.

Tobias Bore Førland (12), Nikolai André Gaustad (14) og Torvald Sundin Vikane (13) synest folk bør ta til vet og slutte å kaste boss i naturen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Folk bør skjerpe seg. Dette er veldig dumt, seier Torvald Sunding Vikane (13).

DEL

Onsdag denne veka var Tobias Bore Førland (12), Nikolai André Gaustad (14) og Torvald Sundin Vikane (13) ute i båt saman med Julie Odland Skare. Ho er instruktør i TAM-prosjektet (tryggleik, ansvar og meistring), ei gruppe der dei ein gong i veka er ute av klasserommet for å gjere alternative ting til vanlege skuledagar.

Onsdag var gjengen på øya Lygra i Lindås kommune. Der vart dei overvelda over kor mykje boss som låg i strandkanten. Dei fylde fleire store bossekkar med alt frå plast og isopor, til bøtter og kanner. Og beskjeden frå gutane er klar.

– Folk må skjerpe seg. Dette er veldig dumt, seier Torvald.

– Kvar veke er vi ute og bruker naturen. Vi fiskar, brenn bål, set garn og lagar mat. Vi ser kor viktig det er at alt i havet fungerer som det skal. Vi er glade i å kose oss i naturen, og då er det viktig at det er reint og fint rundt oss. Det er ikkje noko kjekt å vere ute om det er stygt og grisete, seier Skare.

I samband med TAM-prosjektet er elevane ute og kosar seg i naturen. Då ønsker dei at det skal vere fint og reint rundt dei.

I samband med TAM-prosjektet er elevane ute og kosar seg i naturen. Då ønsker dei at det skal vere fint og reint rundt dei. Foto:

​Fakta om TAM-prosjektet​

TAM (Trygghet, Ansvar og Meistring) er eit undervisningsopplegg i regi av NJFF Hordaland som er godkjent av Kirke- og undervisningsdepartementet som alternativ undervisning. Erfaringar frå TAM gjennom 17 driftsår, viser at mange av prosjektdeltakarane forbetrar resultata på skulen, og får fiske og friluftsliv som viktige og stimulerande hobbyar.

Artikkeltags