- Dette er eit totalhavari, konstaterer Ivar Eide, ”propagandaminister” i Isbadarlauget.
Eit trist syn møtte Eide då han i grålysninga i dag var ute for å sjå kva forfatning skulpturen var i. Men han tar det ikkje så frykteleg tungt.
- Det var noko vi måtte rekna med kunne skje. Vi har i alle fall fått mykje god PR og skikkeleg entusiasme i kjølvatnet av lotus-skulpturen, seier Eide, som neppe trur det blir halde noko gravøl over det vakre byggverket.
Bergar restane?
Lotus-skulpturen overlevde med eit naudskrik seglasen frå Bergen til Halsvikvågen for nokre veker sidan, men klarte ikkje å halda stand mot orkanen ”Per”.
- Denne gongen kom vinden frå sør/sørvest, og den tar hardt i Halsvikvågen, fortel Eide.
Han hadde uansett ikkje rekna med at skulpturen ville halde stand lenger enn til sommaren, utan forsterkningar og beising av treverket.
- No skal vi sjå om dei øvste kronblada på lotusen er såpass intakte at vi kan bruka dei som ei innramming av badestampen, seier Eide.
Framleis inspirasjon
”Propagandaministaren” i isbadarlauget er glad for at havariet skjedde etter folkefesten fredag.
- Eg føler at entusiasmen og inspirasjonen med å få Lotus-skulpturen til Gulen, blir ført vidare. Det er trass alt det viktigaste med heile historia, seier Eide.
Folkefesten i Halsvikvågen fredag samla over 200 personar som ville ta frukbarheits-symbolet nærare i augnesyn. Forventingane om folkevekst står framleis sterkt i lauget, og fredag lova dei ut ei ”gullskei” i sølv som vandrepremie for kvar nye verdsborgar i Gulen og Masfjorden.
- Og det paret som først får sitt tredje napp, får sølvskeia til odel og eige, sa John Torsvik i isbadarlauget.
Både ordførar Trude Brosvik i Gulen og varaordførar Ivar Holmaas i Masfjorden deltok på folkefesten. Brosvik minna karane om at også dei har eit ansvar for folkeveksten.
– Så kom ikkje og sei at ”det står ikkje på oss”, var Brosvik si oppfordring til karane i isbadarlauget i Halsvikvågen.