«Linn» meldte overgrep til politiet, men dei gløymte å ransaka

SKUFFA:?12-år gammal hevdar «Linn» at ho vart utsett for eit overgrep av ein mann på 24. Men mellom anna på grunn av at politiet ikkje gjennomførte ei ransaking av leilegheita der overgrepet skal ha skjedd, vart saka fyrst lagt vekk av Statsadvokaten. Deretter vart mannen frikjent i retten, mellom anna på grunn av manglande tekniske bevis.

SKUFFA:?12-år gammal hevdar «Linn» at ho vart utsett for eit overgrep av ein mann på 24. Men mellom anna på grunn av at politiet ikkje gjennomførte ei ransaking av leilegheita der overgrepet skal ha skjedd, vart saka fyrst lagt vekk av Statsadvokaten. Deretter vart mannen frikjent i retten, mellom anna på grunn av manglande tekniske bevis. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

«Linn» var berre tolv år då ho hevdar at ho vart utsett for eit overgrep av ein dobbelt så gammal mann. Politiet gjennomførte ikkje ransaking av bustaden til tiltalte og får no kraftig kritikk av Statsadvokaten, domstolen og familien til den no 14 år gamle jenta.

DEL

– Hadde det vore deira vesle jente på tolv år som hadde vorte utsett for noko slikt, trur eg politiet hadde gjort alt i si makt for å få bevis, seier «Linn» (namnet er endra red. mrk) til avisa Nordhordland.

Familein til «Linn» melde i mars 2013 ein mann i 20-åra for å ha forgripe seg på ho i ein stall i Nordhordland, då var Linn berre tolv år gammal.

LES OGSÅ: Retten: – Politiet prioriterte ikkje overgrepssak mot 12 år gammal jente

Nektar for alt

Mannen var tiltalt for å ha brukt eit massasjeapparat på jenta. Han nektar for at det har skjedd, og sa i retten at det einaste fysiske som hadde vore mellom dei var at han hadde massert nakken hennar, då ho hadde klaga på ein muskelknute, samt at han etterpå hadde kitla ho i sida.

I dommen skriv Nordhordland tingrett at dei meiner forklaringa til jenta i det aller vesentlegaste er truverdig, sjølv om det er visse sprik i forklaringane til jenta og vitna. Dette meiner retten kan skuldast at det er eit vanskeleg tema å snakka om.

Dette og mangelen på tekniske bevis førte til at 25-åringen vart frikjent av tingretten.

LES OGSÅ: Filma ste-dottera med skjult kamera i dusjen

Det er ikkje gjort undersøkingar for å prøva å finna det omtalte massasjeapparatet og det ligg føre heller ingen andre tekniske bevis i saka. Politiet stadfesta i si forklaring at politiet hadde fått ordre om ransaking av dei aktuelle lokala, men at dette ikkje er blitt gjennomført på grunn av andre prioriterte arbeidsoppgåver. Deretter har det heile gått i gløymeboka hjå politiet.

Det provoserer jenta og familien hennar.

– Kva tenker du om at politiet ikkje gjorde ransakinga etter massasjeapparatet?

– Eg vert litt skuffa, for i dommaravhøyret mitt sa dei at eg verka veldig truverdig og at eg var detaljert. Eg er skuffa over at dei ikkje gjer jobben sin. Hadde det vore deira vesle jente på tolv år som hadde vorte utsett for noko slikt, trur eg dei hadde gjort alt i si makt for å få bevis, seier «Linn» til avisa Nordhordland.

– Kvifor trur du politiet ikkje gjorde noko med dette då?

– Eg veit ikkje. Kanskje dei ikkje trudde nok på meg?

– Sjokkerande av politiet

Far til «Linn» er forbanna på politiet, og vil at saka skal takast opp igjen.

LES OGSÅ: Banka sambuaren på hyttetur til Gulen

Han rasar mot arbeidet som er gjort av politiet, eller rettare sagt, mangelen på arbeid, som han ser det.

Les heile saka i vår e-avis. Den kjøper du her!

Artikkeltags