Gå til sidens hovedinnhold

NAV: – Dei fleste er i jobb

Artikkelen er over 6 år gammel
Waldekonkursen:

Grunna at konkursen skjedde på eit gunstig tidspunkt der etterspurnaden etter fagfolk i bransjen var stor, var dei fleste konkursramma arbeidarane tilbake i jobb alt i løpet av dei fire første månadane i år.
 

– Det gjekk raskare enn det vi hadde trudd, og så vidt vi er kjente med er dei aller fleste tilbake i jobb etter konkursen. Det seier assisterande fylkesdirektør i NAV, Tommy Johansen.
 

LES OGSÅ: – Over all forventning

– Når det først var så gale, var det heilt riktig tidspunkt å vera arbeidssøkar med fagbrev innan bygg og anlegg, seier han.
 

På den tida var det fleire arbeidsgivarar som var på utkikk etter arbeidskraft.
 

– Folk med fagbrev har arbeid på dagen, slik er det til dels i dag også. Det er framleis gode tider innan yrket, fortel Johansen.
 

Innan administrasjon var nok ikkje situasjonen like lys, og nokre måtte gjerne flytta på seg. Johansen seier at det nok ikkje er like lett i andre bransjar, men at alt baserer seg på etterspurnaden i marknaden.

Kommentarer til denne saken